Tysnes kommune
Vil du vera med å påverka utviklinga av Tysnes kommune?
Me søkjer etter ein engasjert og strukturert prosjektleiar, som skal jobba med små og store prosjekt i Tysnes.
Prosjektleiar er organisatorisk plassert i kommunalområde teknisk, og er ansvarleg for kommunale byggje- og anleggsprosjekt i Tysnes kommune. Som prosjektleiar i Tysnes vil du ta del i ei viktig samfunnsutvikling.
I tillegg til prosjektleiar består kommunalområde teknisk av byggesak, kart- og oppmåling, drift og vedlikehald, reinhald og brann og redning. Fagområda innan sektoren samarbeider tett og det er kort veg mellom vedtak og oppstart av prosjekt. Oppgåvene vil vera varierte og omfatta heile verksemdsområde for eigedom, bygg, vatn og avløp, veg med meir. Det vil òg vera meir administrative prosjekt innan teknisk eining knytt til kommunalsjef teknisk sitt ansvarsområdet. Stillinga rapporterar til kommunalsjef teknisk.
Me har som mål at Tysnes kommune skal halda fram med å vera eit attraktivt samfunn å bu i, og søkjer ein prosjektleiar som tenkjer heilskapleg og har forståing for kor viktig samarbeid og samskaping er for å yta gode og treffsikre tenester.
Arbeidsoppgåver
- Leia prosjekt frå prosjektutvikling til overlevering til brukar og dritfsorganisasjon.
- Utarbeida og følgja opp anbod og kontraktar i samsvar med regelverk for offentlege anskaffingar.
- Nært samarbeid med administrasjonen, brukarar, entrepenørar og andre.
- Følgja opp prosjektøkonomi, framdrift, dokumentering og rapportering.
- Ansvar for tryggleik, helse og arbeidsmiljø i samsvar med Byggherreforskrifta.
- Bidra i utvikling av system, rutiner og planverk i teknisk sektor.
- Delta i planprosessar og anna samfunnsutviklande aktivitetar
- Saksutgreiing – fagleg og politisk.
Ansvar og arbeidsoppgåver kan tilpassast den aktuelle søkjar ut frå erfaring og interesse, samt arbeidsgjevar sine behov.
Kvalifikasjonar
Må ha:
- Bachelor- eller mastergrad innan bygg- og anleggsfag eller tekniske fag.
- Kandidatar med fagkompetanse innan eitt av fagområda, eller lang erfaring frå tilsvarande stilling kan vurderast for stillinga.
- Erfaring som prosjektleiar innan bygg- og anleggsbransjen.
- Administrativ og prosjektøkonomisk erfaring.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. Administrasjonsspråket i nynorsk.
- Førarkort klasse B.
- Gode digitale ferdigheiter.
Ønskjeleg med:
- Kunnskap om regelverk for offentlege anskaffingar.
- Erfaring med internkontroll og SHA-arbeid.
- Erfaring med fasebasert prosjektgjennomføring.
Personlege eigenskapar
Du må trivst med utfordrande oppgåver og handtera fleire prosjekt i ein hektisk kvardag. Du har/er:
- målretta, engasjert og løysingsorientert
- har gode samarbeidsevner og evne til å byggja relasjonar
- evna til å utøve leiarskap i prosjekt og trygg på eigne avgjersler
- ein ryddig og strukturert arbeidsform, og evne til systematisk planlegging
- ein bidragsytar til det faglege og sosiale miljøet.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Kvifor skal du velga oss?
Ønskjer du å bidra til Tysnes kommune si samfunnsutvikling? Blir du blir motivert og engasjert av hektiske dagar, der du må løysa oppgåver innan ulike prosjekt? Då trur me at du vil trivast hos oss! Hos oss får du som prosjektleiar utfordra deg og vera med på å gjennomføra små og store prosjekt, samt få høve til fagleg utvikling.
Du blir tilsett som prosjektleiar i st.kode 8084. Stillinga ligg til lønskapittel 5 med løn etter avtale og årleg lønsregulering gjennom lokale forhandlingar.
Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i KLP – Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår.
Me veit at mange ønskjer seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med høve til å veksla mellom å jobba heimafrå og møtast på kontoret. Me ønskjer fortrinnsvis at tilsette har sin arbeidsstad i arbeidsgjevar sine lokaler, for å sikra samstundes tilstedevære og godt samarbeid. Me kan likevel legga til rette for kombinasjon av heimekontor og fast kontorarbeidsplass når arbeidsoppgåvene tilseier at det let seg gjera.
Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming, og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggja til rette for inkluderande rekruttering.