Teknisk driftsavdeling, Helse Førde
Vi søkjer prosjektingeniør til Teknisk drift Byggleiing ved Førde sentralsjukehus!
Hos oss får du ein nøkkelrolle i utviklinga av sjukehusbygga våre – frå idé til ferdig løysing. Du blir del av eit sterkt fagmiljø med engasjerte kollegaer som brenn for berekraftig, trygg og framtidsretta drift.
Kva du får jobbe med:
- Planlegging og gjennomføring av byggeprosjekt – både nybygg og ombygging
- Teknisk rådgiving og oppfølging av entreprenørar og leverandørar
- Bidra til energieffektive og miljøvennlege løysingar
- Samarbeid på tvers av fagmiljø og avdelingar
Kvifor velje oss?
- Du får påverke utviklinga av ein bygningsmasse på over 115 000 m²
- Du blir ein del av eit samfunnskritisk oppdrag med stor betydning for pasientar og tilsette
- Du får varierte og utfordrande arbeidsdagar – ingen dag er lik!
- Du får jobbe med alt frå sjukehus til ambulansestasjonar i heile Helse Førde sitt område
Kvinner vert oppmoda om å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Leie små og mellomstore prosjekt frå planleggingsfase til ferdigstilling, inkludert nybygg, tilpassing, rehabilitering og vedlikehald av bygg og infrastruktur
- Koordinering med interne og eksterne aktørar som arkitektar, entreprenørar, konsulentar og offentleg mynde
- Sikre prosjekterleveranse i tråd med tidsplan, budsjett og kvalitetskrav
- Delta i utarbeiding av anbudsdokument og kontrakter
- Oppfølging av HMS-krav og sikring av eit trygt arbeidsmiljø i prosjekta
- Økonomisk oppfølging, budsjettering og rapportering av prosjektstatus
- Evaluering av prosjekt og implementering av forbetringstiltak, jamfør foretaket sitt kvalitetssystem
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på master/ingeniør eller fagskule nivå fortrinnsvis innan bygg- og anleggsteknikk
- Lang erfaring og solid kompetanse kan i særlege tilfelle kompensere for utdanningskrav
- Erfaring frå prosjektarbeid/prosjektleiing innan bygg, gjerne frå offentlig sektor
- Ønskjeleg med kunnskap og erfaring innan offentlege anskaffingar og kontraktsoppfølging.
- Byggherre sin representant i prosjekteringsfasen, byggefasen og overtakingsfasen
- Minimum 10 års relevant erfaring innan prosjektleiing og byggeleiing frå offentleg eller privat verksemd
Personlege eigenskapar
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel
- Evne til å leie og drive prosessar og prosjekt framover
- God evne til munnleg og skriftleg framstilling
- Leggje til rette for god brukarinvolvering
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Moglegheit for relevante kurs
- Kompleksitet i oppgåver gjev meiningsfylt arbeid og personleg utvikling
- Sosialt og inkluderande arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Terje Jan Nes, Avdelingssjef, (+47) 415 30 517
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4988433539
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2025