Øystre Slidre kommune
Vil du bruke litt av di tid til å hjelpe ein av våre familiar?
Øystre Slidre kommune søkjer private avlastarar.
Ein privat avlastar er ein heim som tek imot eit barn for å gje avlasting til barnets foreldre eller fosterforeldre. Opphaldet hjå avlastar skal vere ein trygg og støttande stad for barnet i avlastingstida. Vi søkjer deg som er trygg, engasjert og har lyst til å gjere ein forskjell – både for tenestemottakaren og familien deira. Du treng ikkje ha helsefagleg bakgrunn; det viktigaste er at du har tid, omsorg og eit ønskje om å bidra. Det er ønskjeleg at du bur i Øystre Slidre eller Valdres.
Familiane treng deg til å ta vare på sitt barn eller ungdom, slik at dei får avlasting frå daglege omsorgsoppgåver. Det kan vere behov på dagtid, kveldar, helgar og i feriar. Som avlastar tek du imot barnet i din heim til avtalte tider og fastsett omfang. Under avlastingsopphaldet vil barnet vere ein del av din familie og delta i kvardagslivet.
Vi kallar inn til intervju fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Bistå familiar som har særleg tyngjande omsorgsoppgåver
- Ivaretagelse av barnet / ungdommen sine behov under avlastningsopphaldet
- Samarbeide med familien og kommunen
- Bidra til forutsigbarheit og tryggleik
Kvalifikasjonar
- Det krevst ingen formell utdanning, men det er ein fordel om du har erfaring med personar med nedsett funksjonsevne
- Du har erfaring med barn og unge med særskilde behov
- Du må ha tid til overs, evne til å setje deg inn i andre sin situasjon og ha lyst til å gjere noko meiningsfylt i samspel med andre
- Du har evne til å vere stødig og trygg i situasjonar som krev ro og beslutsomheit
- Du evner å samarbeide tett med foreldre, heim og kommunen
- Du har fylt 18 år
- Du har førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er påliteleg, ansvarsbevisst og kan arbeide sjølvstendig
- Du er raus, engasjert og positiv i samvær med barnet/ ungdommen og familien
- Evner å sjå ungdommens ressursar og behov, og leggje til rette for gode opplevingar
- Du er kreativ og klarer å leggje til rette for aktivitetar ut frå den enkelte sine interesser
- Personleg eignaheit blir vektlagt
Vi tilbyr
- Interessant og meiningsfylt arbeid
- Lønn etter gjeldande særavtale (SGS 1030)
- Arbeidstida følgjer forskrift om arbeidstid for avlastarar
- Feriepengar, pensjons- og forsikringsordningar
- Opplæring og rettleiing som du treng i samband til avlastningsoppdraget
Kontaktinformasjon
Mari Nysveen, Tildelings- og bustadkontoret, +47 91629270
Arbeidsstad
Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 5043096990
Stillingsprosent: 0%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026