Prest under utdanning i Hardanger og Voss prosti med Øystese og Ålvik sokn som tenestestad

Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme

Det er ledig stilling for deg som er under utdanning, og ønskjer å tenestegjøre som sokneprest i fagre Kvam i Hardanger!

I stillinga er det sett av tid til studium, normalt 40 %. For å kunne gå inn i stillinga kan du mangla maksimalt 120 studiepoeng for å oppfylle kvalifikasjonskrava for kyrkjelydsprestar. Det blir gitt inntil 4 år for å fullføra studia. 

Ved tilsetting vil det bli utarbeida ein individuell plan for studieprogresjon og arbeidsmengd. Undervegs i studiet føljer du programmet for Vegen til vigsling (VTV). Etter fullført studieløp og VTV er du kvalifisert for å kunne vigslast til presteteneste i Den norske kyrkja, og du vil gå over i fast stilling som sokneprest i Øystese og Ålvik. Det vil normalt vera to års bindingstid etter studieperioden. Les mer om ordninga: Prest under utdanning

Kvam herad femner om eit vakkert landskap frå Hardangerfjorden til Kvamskogen. Heradet har om lag 8500 innbyggjarar, og 80% er medlemer. Les meir: Velkomen til Kvam. Heradet har dei fire sokna Strandebarm, Vikøy, Øystese og Ålvik, alle med kvar sin kyrkje. Sokna samarbeider mellom anna gjennom fellesrådet og jamlege fellessamlingar.

Øystese sokn har per i dag 2.237 medlemmer. Øystese kyrkje er ei langkyrkje frå 1868 og har fem hundre sitjeplassar. Øystese sokn har sterke tradisjonar knytt til ytre- og indremisjon. Her er eit aktivt bedehusmiljø med eit variert barne- og ungdomsarbeid. Det er god oppslutnad om gudstenestene, trusopplæringa og kyrkjelege handlingar.

Ålvik sokn har 480 medlemmer. Ålvik kyrkje er ei langkyrkje frå 1962. Her er det og god oppslutnad om trusopplæringa og kyrkjelege handlingar. I Ålvik sokn står folkekyrkja sterkt og dei viser stor tillit til presten sin. Det er stor oppslutning om trusopplæringstiltaka. Vi ønskjer ein prest som kan samarbeida med skule og nærmiljø og i samarbeid med sokneråd arbeida for at gudstenestelivet vert styrka.

I Kvam kyrkjelege fellesrådsområde er det to sokneprestar, kyrkjeverje, to kyrkjemusikarar, kateket, kyrkjelydspedagog, konfirmantmedarbeidar, sakshandsamar og kyrkjegardsarbeidarar. Det er ønskt å få diakonstilling. Dei tilsette har kontor i Norheimsund kyrkje. Soknepresten i Samnanger er involvert i tenesteveketurnusen.

Dei to sokneprestane i Kvam samarbeider om tenestene i fellesrådsområdet etter halvårige planar med gudstenester og tenesteveker. Det er om lag 105 gudstenester, 75 gravferder, 25 vigslar, 75 konfirmantar og 60 dåp i året i Kvam. Sokneprestane sit i sine respektive sokneråd, og vekslar om å vere  geistleg representant i fellesrådet. Kateketen har hovudansvaret for konfirmantundervisninga, men prestane tek del i sine sokn. Også ansvaret for andakter på institusjonane følgjer soknegrensene, med Øysteseheimen og Mikkjelsflaten i Øystese og arbeidsstova på den såkalla Pensjonisten i Ålvik.

Øystese sokn og Ålvik sokn har noko ulikt preg og profil, men er samde om at ein ønskjer å satse på gudstenesteliv, trusopplæring, diakoni, kyrkjemusikk og varierte kulturuttrykk. Sjå elles: Kyrkja i Kvam

Prestane i prostiet vert kalla inn til jamlege samlingar for fagleg påfyll, åndeleg fellesskap og sosialt samvære. Heile prostiet er beredskapsområde.

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter. 

Arbeidsoppgåver

  • gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • deltaking i konfirmantundervisning
  • trusopplæring
  • diakonalt arbeid
  • ved ordinasjon vil en gå inn i Den norske kyrkja si ordning for beredskap.

Kvalifikasjonar

  • medlemskap i Den norske kyrkja
  • stadfesting frå studiestad om at du har opptak på studiet, og maksimalt har 120 studiepoeng igjen før du kvalifiserer til presteteneste etter tenesteordningen for kyrkjelydsprestar § 3
  • eller
  • cand. theol. med praktikum eller tilsvarende/master i teologi med praktikum

Personlege eigenskapar

  • evne og vilje til samarbeid
  • god gjennomføringsevne
  • evne til å motivere
  • gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med menneske i alle aldrar
  • kontaktskapande og ønskjer å samarbeide med skule og nærmiljø
  • ønskje om å løfte fram kreative evner i kyrkjelyden
  • søkjar må kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje

Vi tilbyr

  • Stillingskode 0950 prestevikar etter KA sitt tariffområde (blir endra til 1555 sokneprest etter vigsling til prest)
  • Medlemskap i kollektiv pensjonsordning KLP
  • Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
  • Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
  • Arbeidsrettleiing (ABV)

 

Andre opplysningar
Det er ein fordel å ha førerkort og disponere eigen bil.

Skriftspråket er nynorsk.

Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. 

Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20. 

Kontaktinformasjon

Arild Hellesøy, Prost i Hardanger og Voss, 90699533
Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276

Arbeidssted

Kyrkjevegen 40
5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Den norske kirke

Referansenr.: 4947076714
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted