Postdoktor (3 år) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 3 dager siden
  • 11. august 2025

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Postdoktor (3 år) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år ved Fagområdet for epidemiologi og medisinsk statistikk. Stillinga er knytt til prosjektet Targeting the Epstein-Barr virus to treat and prevent MS (EBV-MS), finansiert av EU sitt Horizon-program. Hovudmålet med prosjektet er å avdekke Epstein-Barr-viruset si rolle ved multippel sklerose (MS). Postdoktor-stillinga er knytta til ein epidemologisk arbeidspakke som i hovudsak skal bruke data frå norske helseregistre, inkludert Legemiddelregisteret, MS-registeret, Norsk Pasientregister (NPR), Kommunalt Pasient og Brukerregister  (KPR) og sosioøkonomiske data og stønadsdata frå SSB/FD-Trygd. Arbeidspakken skal blant anna undersøke om medikamentbruk etter ein EBV-infeksjon kan fortelje kven som seinare utviklar MS og kor lang tid dette tar. Vidare skal ein undersøke om medikament som allereie er på marknaden i Noreg for behandling av andre sjukdomar kan virke modifiserande på sjukdomen blant personar som allereie har MS. Prosjektet vil nytte avanserte metodar innanfor kausal inferens i observasjonsstudiar. Arbeidspakken vert leia av assistant professor Kjetil Lauvland Bjørnevik ved Harvard T.H Chan School of Public Health i Boston med førsteamanuensis Jannicke Igland som lokal prosjektleiar ved Universitetet i Bergen

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Tilrettelegging av store datamengder for statistisk analyse
  • Designe og planlegge analyser
  • Lage effektive analyse-pipeplines i statistikkpakken R for automatisering av statistiske analyser av et stort antall assosiasjoner (screening)
  • Nytte analysemetodar for kausal inferens i observasjonsstudiar til å undersøke samanheng mellom medikamentbruk og risiko for å utvikle MS eller prognose blant personar med MS.
  • Skrive vitskaplege artiklar i samarbeid med resten av prosjektgruppa
  • Presentere forskingsresultat på vitskaplege konferansar 
  • Rettleie ph.d.-studentar og masterstudentar i forskingsgruppa
  • Det kan bli aktuelt med gjesteopphald (6 – 12 månader) ved Harvard School of Public Health i løpet av prosjektperioden
  • Bidra i søknadsskriving i samband med søknad om forskingsfinansiering
  • Det ligg ikkje undervisningsplikt til stillinga, men det vil vere mogeleg å bidra i undervisning i statistikk og epidemiologi dersom søkjar ønsker det.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor farmakoepidemiologieller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månadar etter søknadsfrist.
  • Søkjar må ha erfaring frå registerbasert farmakoepidemiologisk forsking på nevrodegenerative sjukdommar (multippel sklerose, Parkinsons sjukdom, amyotrofisk lateral sklerose eller Alzheimers sjukdom) 
  • Det er ønskeleg at søkjar har erfaring med analyse av svært store datasett
  • Søkjar må ha kunnskap om avanserte metodar innanfor kausal inferens i observasjonsstudier, for eksempel «emulated target trials», «inverse probability of treatment weighting» (IPTW)
  • Søkjar må ha omfattande erfaring med programmering i R  
  • Tilleggserfaring med programmering i andre statistiske program (Stata, SAS) er ein fordel
  • Søkjar må kunne nytte norsk og engelsk munnleg og skriftleg  
  • Søkjar må arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjar må ha evne til å sette seg inn i nye analysemetodar og anvende desse

Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 660 000 (kode 1352) i lønsregulativet i staten. For søkjarar med medisinsk/odontologisk embetseksamen er løn for tida kr 670 000. For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 695 000.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga 
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon) 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Jannicke Igland : jannicke.igland@uib.no , telefon: 55 58 85 28 eller Kjetil Lauvland Bjørnevik: kbjorne@hsph.harvard.edu 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.     

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted