Politibetjent 3/2/1

Vest politidistrikt

Om stillinga

Vil du være med på å vokte Vest politidistrikts luft og sjøgrense? 

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for utlending og forvalting, Grenseseksjonen er det ledig ein eller fleire faste stillingar som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/ 1459/ 1457).

I ei tid prega av auka tryggingspolitisk uro er grenseovervaking viktigare enn nokon gong.  

Me ser no etter nye kollegaer som ønskjer å bidra i eit fagmiljø med store utviklingsmoglegheiter og ansvar. Hos oss får du vera med på å forma framtidas arbeid innan luft- og sjøgrenseovervaking.

Du vil bli ein del av ein seksjon i utvikling, som har fokus på forbetring og innovasjon i samarbeid med andre avdelingar og aktørar.

Me er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal me gjennom grensekontroll og grenseovervaking førebyggja og nedkjempa grenseoverskridande kriminalitet, skapa tryggleik og vareta rettstryggleiken.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Me søkjer deg som har noko erfaring og er fagleg motiverte i grensefaget, og som ønskjer å vidareutvikla deg innan fagfeltet.

Me stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer me medarbeidarar som opptrer profesjonelt til kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane sine og handlingar i det daglege arbeidet sitt.

Evna til å vera trygg, nærverande, lydhøyr og dessutan å byggja tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar legg me difor særleg vekt på desse eigenskapane, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Førstelinje grensekontroll, inn- og utreise til Noreg og Schengenområdet, både luft- og sjøgrense
  • Andrelinje kontroll, medrekna arbeid med bort- og utvising av utlendingar på grensa
  • Spesialisering innanfor konkrete fagfelt må påreknast
  • Territorialkontrollar
  • Operativ teneste i form av patruljering/nærvær
  • Straksetterforsking/PPS
  • Ved behov hjelpa andre politieiningar i Vest PD rundt gjeremål som fall innunder grensefaget
  • Andre oppgåver pålaga av teamleiar/avsnittsleiar

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vera kvalifisert:

  • Vitnemål frå politiskule/politihøgskule. Vedlagde karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden
  • IP4 godkjent eller kvalifisert og villig til å bli godkjend
  • Tilfredstille dei generelle kompetansekrava til politibetjent 3 eller politibetjent 2
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk
  • Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterlova § 41.

Dette blir vektlagt:

  • Erfaring med bruk av Indicia, DUF, GTK og SafeSeaNet blir vektlagd
  • Schengenkurs
  • Erfaring frå grense- og utlendingskontroll

Det er også ønskjeleg med:

  • Anna relevant utdanning og/eller arbeidserfaring er ein fordel, til dømes innan etterretning, analyse eller maritim erfaring
  • Språkkompetanse utover engelsk

Personlege eigenskapar

  • Motivert og interessert i å utvikla seg innan grensefaget
  • Gode evnar til kommunikasjon, samhandling og relasjonsbygging
  • Har gode haldningar og samarbeidsferdigheiter, og trivst med å arbeida i team
  • Initiativrik og resultatorienterte – evne til å jobba sjølvstendig og ha god gjennomføringsevne
  • Gode omstillingsevner og må tola ein hektisk arbeidskvardag

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her.  

Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Ein spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme eit politi for framtida  
  • Stillinga blir lønna som politibetjent 3/2/1: 
    • Politibetjent 3 (stillingskode 1461) frå kr. 585.000,-
    • Politibetjent 2  (stillingskode 1459) frå kr. 510.000,-
    • Politibetjent 1 (stillingskode 1457) frå kr. 480.000,-
    • Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve for å kryssa av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukte til å utarbeida anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted