Planleggar i Vindafjord kommune

  • Heltid
  • SANDEID, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 29. april 2025

Vindafjord kommune Areal og forvaltning

Vindafjord kommune sin visjon er å vere vital og sentral, og kommunen sine satsingsområde er berekraftig kommune, attraktive lokalsamfunn og framtidsretta tenester – gode liv og livslang læring. For å innfri på desse satsingsområda, er det avgjerande med god og langsiktig planlegging. Som planleggjar i Vindafjord kommune vil du få ei sentral rolle i å forma framtidas Vindafjord.

Stillinga er 100 % fast og vil vere plassert i eining areal og forvaltning, med kontorstad på Teknisk bygg i Sandeid.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Utarbeida kommuneplan, reguleringsplanar og tematiske planer
  • Rettleia private forslagsstillarar, kvalitetssikra og saksbehandla private reguleringsplanar 
  • Koordineringsarbeid for overordna planar på tvers av einingar i kommunen
  • Førebu og leggja fram saker for politiske utval
  • Rettleiing for innbyggjarar innan fagområdet

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Me søker deg som har:

  • erfaring innan planarbeid og god kjennskap til plan- og bygningslova
  • relevant høgare utdanning
  • evne til å planleggja og strukturera eige arbeid
  • gode munnlege kommunikasjonsevner og evne til å formidla komplekse samanhengar på ein lettfatteleg måte
  • god skriftleg framstillingsevne på nynorsk
  • evne til å skapa engasjement hjå dine kollegaer
  • gode samarbeidsevner
  • forståing for offentleg forvaltning og arbeid i spennet mellom politikk, administrasjon og publikum
  • gode datakunnskapar, ynskjeleg med kompetanse innan geografiske informasjonssystem (GIS)
  • førarkort klasse B

Kandidatar som ikkje fullt ut oppfyller dei formelle krava til utdanning, men har relevant praksis og erfaring, kan bli vurderte til stillinga.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Om eining for areal og forvaltning

Eining areal og forvaltning er ein del av rammeområdet samfunnsutvikling. Rammeområde består av einingane areal og forvaltning, kommunaltekniske tenester, reinhald og kultur og læring. I tillegg kjem overordna ansvar for næringsutvikling, planstrategi, samferdselssaker, folkehelsearbeid, større byggjeprosjekter og strategisk kjøp og sal av eigedom.

Areal og forvaltning dekker fagområda plan, byggjesak (inkl. deling), oppmåling/matrikkelføring/kart, landbruk (jord- og skogbruk), miljø, vilt- og fiskeforvaltning, adressering, eigedomsskatt, avløp, og forureining frå landbruk. Eininga har og arbeidsoppgåver knytt til forvaltning av vatn (ferskvatn og fjordar) gjennom vassområdeforvaltninga (både i Rogaland og i Vestland).

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted