Universitetet i Bergen
UiB – Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Stipendiat i modellering av kollektiv mitokondriedynamikk
Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i modellering av kollektiv mitokondriedynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til finansiering frå NFR.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Mitokondria er essensielle bestanddelar i biologiske cellar. Dei er svært dynamiske og beveger seg gjennom cella med rask og kompleks kollektiv rørsle – sjå gjerne www.mitochondriamove.com. Mitokondriepopulasjonar i celler dannar «sosiale nettverk», der dei møtest og utvekslar biomolekyl i eit cellulært samfunn – eit døme på framveksande åtferd frå aktørar i eit avgrensa fysisk miljø.
Vi har nyleg utvikla ein matematisk teori som koplar stokastisk, nettverks- og agentbasert modellering, og som skildrar korleis denne framvaksande åtferda støttar essensiell vedlikehald og deling av innhald gjennom mitokondriepopulasjonen (PMID 38043948). Teorien, som alt er støtta av eksperiment i modellplantar, tyder på at framveksande mitokondrieåtferd reflekterer ei optimal løysing på eit kollektiv av sosiale og fysiske avvegingar i cella. Dette prosjektet vil utforske denne hypotesen ved å kombinere fysisk og stokastisk modellering med verktøy frå nettverksteori, mengdebasert optimalisering og operasjonsanalyse for å finne dei universelle prinsippa for mitokondrierørsle på tvers av desse artane. Det vil vere i tett samarbeid med ein eksperimentell kollega som arbeider med å samle data om denne kollektive rørsla på tvers av ulike artar i laboratoriet, og det vil vere moglegheiter for å få laboratorieerfaring.
Prosjektet er ein del av det NFR-finansierte prosjektet «MitoPhyto», som kombinerer eksperimentelle og modellbaserte tilnærmingar for å utforske mitokondrieåtferd. Dette er ein av to ph.d. stillingar på «MitoPhyto» ved Matematisk institutt, der denne fokuserer på matematikk og modellering, og den andre omhandlar eksperimentell biologi. Vi tar sikte på at kandidatane til desse stillingane kan starte om lag til same tid, og kan jobbe saman så vel som med prosjektleiar for å utvikle dugleik og kompetanse mens dei er tilsett på prosjektet
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysikk, anvend matematikk eller eit samanliknbart fagområde som inkluderer modellering, eller ha levert masteroppgåve innan eit slikt tema til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Søkjarar må kunne vise evne til å ta i bruk tverrfaglege tilnærmingar til biologi i forsking, og kunne kombinere modelleringsarbeid med verkelege data.
- Erfaring frå eit av dei følgande felta er ein fordel: agentbaset modellering i biologi, operasjonsforsking, vitskap om nettverk, diskrete stokastiske modellar, anvend statistikk.
- Erfaring med cellebiologi og datamodellering, særleg ved bruk av R, er ein fordel.
- Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
- Gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi kan tilby
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Stilling som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 568 700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: prosjektleiar professor Iain Johnston, Matematisk institutt på iain.johnston@uib.no, eller instituttleiar Antonella Zanna Munthe-Kaas på Antonella.zanna@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5