Pedagogisk medarbeidar

Om stillinga

Vil du være med å bidra til lærelyst og meistring for framtida?

Om du er opptatt av barn og unge, og likar å gjer ein positiv forskjell vil vi gjerne ha deg med på laget.

På Fotlandsvåg skule har vi ledig ein fast stilling i 43% og eit vikariat i 47% frå 15.08.25 – 31.10.25. Det vil kunne vere mogleg å kombinere desse to stillingane, og vikariatet kan bli forlenga.

Vi er på utkikk etter ein kompetent og engasjert medarbeidar, som ikkje minst kan vere ei trygg hamn for dei flotte barna som går på skulen vår! Stillinga omfattar arbeid både på skule og i SFO.

Fotlandsvåg skule ligg midt i vakre Fotlandsvåg som er nordvest på Osterøy. Skulen ligg omtrent vegg i vegg med barnehagen som skapar eit trygt, stabilt og ikkje minst kjent miljø for elevane våre. Skulen er ein 1-7. skule med om lag 50 elevar, og skulen vår er fådelt. Vi har eit skikkelig flott uteområde med kunsgrasbane og mellom anna ei heilt ny friidrettsbane! I lag med oss vil du bli ein del av et team med andre pedagogiske medarbeidarar og lærarar. 

Om du er engasjert, nysgjerrig, ansvarsbevisst og leiken, er det kanskje nettopp deg vi håpar å kunne ønskje velkomen til Fotlandsvåg skule! 

Her på Fotlandsvåg skule vil du garantert få varierte og kjekke dagar på jobb der elevane i bygda vår står i fokus. 

Vi er opptatt av gode relasjonar med dei føresette og vi speler kvarandre gode! 

Hos oss i Fotlandsvåg får du i tillegg naturen som næraste nabo og parkering er aldri noko problem for deg som kjem med bil. Vi har flotte turområde og skulen vår er heilt sentral i bygda vår. Vi håpar nettopp du vil bli betre kjent med oss! 

Ta ein telefon, send ein søknad eller gje lyd frå deg. Vi vil vite om deg og kva som gjer at du kunne tenkje deg å bli ein del av Fotlandsvåg skule!

Kven er du?

  • Som person bør du trivast i lag med barn og unge. Din beste kvalifikasjon er ditt engasjement for at elevane og dei tilsette skal trivast – og lukkast! Og vi skal sjølvsagt sørge for at du gjer det same.
  •  Har du gode samarbeidsevne og god relasjonskunnskap er vi sikre på at vi vil få til mykje godt samarbeid ilag! 
  • Har du fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget er det heilt topp, men andre fagbrev i helse og omsorgsfag er også av høg interesse for oss! Du kan vere utdanna omsorgsarbeidar, barnepleiar, helsefagarbeidar eller noko heilt anna! 
  • Skulegang og formell kompetanse er bra, men erfaring kan vere nesten like bra. Har du ikkje formell utdanning som skildra ovanfor vil vi likevel at du skal ta kontakt med oss, for vi er veldig interesserte i å høyre om den erfaringa du har med deg i din ryggsekk!

Vi tilbyr

  • Ei spennande og givande stilling i både skule og skulefritidsordning.
  •  Du får arbeide saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar som vil ditt beste! 
  • Du får arbeidsplassen din på ein mindre skule som gjer moglegheiter for god og tett oppfølging av den einskilde elev og eit unikt samarbeid med kollegagruppa.
  • Lokal kompetanseheving i vekentlige avdelingsmøte.
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår, for tida plasserte hjå KLP.
  • Gode parkeringsmoglegheiter dersom du kjem med bil. 
  • Ein arbeidsplass med naturen rett utanfor døra i ei levande bygd!

Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide – og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted