Pedagogisk leiar

  • Heltid
  • KLEPPE, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 20. april 2025

Kleppe friluftsbarnehage, Klepp kommune

Vil du væra med å gjera ein forskjell i barnas kvardag?

Kleppe friluftsbarnehage har ledig stilling 100% fast pedagogisk leiar med oppstart 01.08.2025.

Kleppe friluftsbarnehage er ein kommunal barnehage som ligg i sentrum av Kleppe i Klepp kommune.

Hos oss vektlegg vi friluftsliv og er opptekne av at barna skal oppleve glede ved å ferdast i naturen. Vi har eit stort uteområde med ny grillhytte og flotte turområde som vi bruker jamleg.

Vi er opptekne av leikande læring i kvardagen og legg til rette for samspel og aktivitetar som er tilpassa det enkelte barnet sine behov. Vi arbeider saman for å skapa eit trygt og inkluderande miljø for barn, foreldre og tilsette.

Vi har eit godt fagleg miljø med fokus på å vere ein lærande organisasjon. Vi er ein sertifisert Marte Meo-barnehage, og har to eigne Marte Meo-terapeutar. Marte Meo er ein utviklingsstøttande metodikk som blir brukt i rettleiing av personalet for å auke relasjonskompetansen og kvaliteten på samspel med barn.

Arbeidsoppgåver

Leie og organisere det pedagogiske arbeidet og jobbe målretta for enkelt barn og barnegruppe i tråd med barnehagelova sitt formål og rammeplan

Pedagogisk leiar er ein del av barnehagen sitt leierteam gjennom aktivt å samarbeide med styrar, pedagogar, øvrige tilsette og føresette

Ta initiativ til, og vere pådrivar for fagleg utvikling og nytenking, sjå ei heilskapleg utvikling av det faglege miljøet i barnehagen

Pedagogisk leiar har ansvar, saman med styrar, for det psykososiale miljøet på avdelinga, og skal arbeide for at både barn, foreldre og medarbeidare har ein god kvardag i barnehagen

Rettleiing av tilsette og foreldre

Samarbeide med PPT, barnevern, helsestasjon og andre instansar som er involvert i arbeidet med barna

Kvalifikasjonar

Godkjent barnehagelærar- eller førskulelærarutdanning. 

Søkarar må tilfredsstilla krav som kjem fram i barnehagelova kapittel VI – personal

Godkjent politiattest jf barnehagelova § 30 må føreligge

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du kunna dokumentera at du har språknivå tilsvarande B1. Dette gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål (jmf. Barnehagelpven § 18 a) 

Attester og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attester og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må være NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til et skandinavisk språk eller engelsk.  Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på mellom anna avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønsansiennitet.

Personlege eigenskapar

Du har interesse for og ønske om å arbeide for barns beste

Du har blikk for barns leik og er aktiv saman med barna i leik både inne og ute

Du er positiv, og vil vera med på å skapa/oppretthalda eit godt arbeidsmiljø

Du er engasjert, løysningsorientert, målbevisst og framtidsretta

Du er god til å arbeida både sjølvstendig og i team

Du har et bevisst forhold til eigen leiarrolle og kan bidra aktivt i barnehagen sitt lederteam

Du ser på barn og føresette med respekt, viser omsorg, glede og er fleksibe

Du er raus og villig til å sjå ulike perspektiv

Du har evne til å motivera kollegaer

Du har fokus på nærvær

Vi tilbyr

Eit sterkt fagleg fellesskap og eit godt arbeidsmiljø 

Lønn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP 

Ulike velferdsordningar 

Gode forsikringsordningar
Nyutdanna barnehagelærar vi få tilbud om veiledning for nytilsette. 
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei pliktene som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar 

Kontaktinformasjon

Cathrine Salte, Styrar, +47 93055166

Arbeidsstad

Fredheimsvegen 18
4350 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 4944170587
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.04.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted