Pedagogisk leiar 100% fast stilling

  • Heltid
  • GEIRANGER, NORGE
  • Publisert: 10 timer siden
  • 2. august 2025

Geiranger skule og barnehage, Stranda kommune

Velkommen til mangfaldige Geiranger. Kanskje verda si største bygd på sommarstid, men også ei lita, roleg og koseleg bygd på vinterstid. Midt i smørauget i sentrum av Geiranger ligg barnehagen, samlokalisert med Geiranger skule og SFO i verdsarvområdet Geirangerfjorden. Nærmiljøet rundt barnehagen er ulikt noko anna, med bratte fjell som kransar rundt bygda og den unike Geirangerfjorden. Nærområdet og den majestetiske naturen er gull verdt for aktivitetane og det pedagogiske opplegget i barnehagen. Barnehagen består av ei avdeling og har eit svært rikt språkleg- og kulturelt mangfald for storleiken sin. Som tilsett i Geiranger barnehage har du ei unik moglegheit til å skaffe deg erfaringar få andre plassar kan tilby. Saman med eit sosialt og fagleg sterkt kollegium, Fjordsenter, verdsarvstiftinga og andre lokale aktørar har du fleire unike  ressursar til å utvikle og tilpasse aktivitetane i barnehagen.

Vi har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.08.2025

Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar kan andre søkjarar bli vurdert for midlertidig tilsetjing

Rekrutteringstiltak: Kvalifiserte søkjarar får tilbod om garantilønn med årsløn tilsvarande 10 års ansiennitet (tilleggsansiennitet). Det blir også gitt tilbod om inntil eitt år dekka bustad mot tilsvarande bindingstid til arbeidsplassen.

Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort, jf. Offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato

 

Arbeidsoppgåver

  • Ha omsorg for det enkelte barn og barnegruppa
  • Planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere pedagogisk arbeid
  • Vere ein god rollemodell og rettleiar
  • Bidra til eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
  • Legge til rette for godt samarbeid med heimane 

Kvalifikasjonar

  • Barnehagelærar
  • Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar kan andre søkjarar bli vurdert for midlertidig tilsetjing
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg 
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Positiv og stabil
  • Initiativrik og evne til å engasjere born i leik, både ute og inne
  • Tek ansvar, er fleksibel og sjølvstendig
  • Glad i å kommunisere og samarbeide med store og små
  • Har helse som er forenleg med ein aktiv og stabil barnehagekvardag

Vi tilbyr

  • Ein spennande og allsidig jobb med stor påvirkningskraft
  • Engasjerte og utviklingsorienterte kollegaer
  • Kvalifiserte søkjarar får tilbod om garantilønn med årsløn tilsvarande 10 års ansiennitet (tilleggsansiennitet). Det blir også gitt tilbod om inntil eitt år dekka bustad mot tilsvarande bindingstid til arbeidsplassen.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon for nytilsette Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.  
 

Kontaktinformasjon

Joachim Fiskarstrand Røbekk, Einingsleiar, +47 46411179

Arbeidsstad

Maråkvegen 54
6216 Geiranger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 4963510523
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted