
Storhaug barnehage, Klepp kommune
Vil du bli med på laget, og gjæra en forskjell i barnas kvardag.
Storhaug barnehage har ledig stilling 100% fast pedagogisk leiar med oppstart 01.08.2025.
Storhaug barnehage er en kommunal barnehage som ligger landlig plassert på Storhaug i Klepp kommune. Barnehagen er en avdelings barnehage med plass til 65 barn, med godt samarbeid på tvers av avdelingene.
Me veit at kvalitet i barnehagetilbodet handlar om dei tilsette, og har eit høgt fokus på å skape eit sterkt fagleg miljø og profesjonell entusiasme. Vi er opptekne av leikande læring i kvardagen og legg til rette for samspel og aktivitetar som er tilpassa det enkelte barnet sine behov. Vi arbeider saman for å skapa eit trygt og inkluderande miljø for barn, foreldre og tilsette. Vi har eit godt fagleg miljø med fokus på å vere ein lærande organisasjon. Vi er ein sertifisert Marte Meo-barnehage. Marte Meo er ein utviklingsstøttande metodikk som blir brukt i rettleiing av personalet for å auke relasjonskompetansen og kvaliteten på samspel med barn. Barnehagen har tilsett kokk som tek seg av all matlaging slik at det pedagogiske personalet kan bruke tida si saman med barna.
Arbeidsoppgåver
Leie og organisere det pedagogiske arbeidet og jobbe målretta for enkelt barn og barnegruppe i tråd med barnehagelova sitt formål og rammeplan
Pedagogisk leiar er ein del av barnehagen sitt leierteam gjennom aktivt å samarbeide med styrar, pedagogar, øvrige tilsette og føresette
Ta initiativ til, og vere pådrivar for fagleg utvikling og nytenking, sjå ei heilskapleg utvikling av det faglege miljøet i barnehagen
Pedagogisk leiar har ansvar, saman med styrar, for det psykososiale miljøet på avdelinga, og skal arbeide for at både barn, foreldre og medarbeidare har ein god kvardag i barnehagen
Rettleiing av tilsette og foreldre
Samarbeide med PPT, barnevern, helsestasjon og andre instansar som er involvert i arbeidet med barna
Kvalifikasjonar
Godkjent barnehagelærar- eller førskulelærarutdanning.
Søkarar må tilfredsstilla krav som kjem fram i barnehagelova kapittel VI – personal
Godkjent politiattest jf barnehagelova § 30 må føreligge
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du kunna dokumentera at du har språknivå tilsvarande B1. Dette gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål (jmf. Barnehagelpven § 18 a)
Attester og vitnemål:
Vi ber om at du lastar opp attester og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må være NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på mellom anna avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønsansiennitet.
Personlege eigenskapar
Du har interesse for og ønske om å arbeide for barns beste
Du har blikk for barns leik og er aktiv saman med barna i leik både inne og ute
Du er positiv, og vil vera med på å skapa/oppretthalda eit godt arbeidsmiljø
Du er engasjert, løysningsorientert, målbevisst og framtidsretta
Du er god til å arbeida både sjølvstendig og i team
Du har et bevisst forhold til eigen leiarrolle og kan bidra aktivt i barnehagen sitt lederteam
Du ser på barn og føresette med respekt, viser omsorg, glede og er fleksibe
Du er raus og villig til å sjå ulike perspektiv
Du har evne til å motivera kollegaer
Du har fokus på nærvær
Vi tilbyr
Eit sterkt fagleg fellesskap og eit godt arbeidsmiljø
Lønn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP
Ulike velferdsordningar
Gode forsikringsordningar
Nyutdanna barnehagelærar vi få tilbud om veiledning for nytilsette.
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei pliktene som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar
Kontaktinformasjon
Gro Lothe Egeland, leder storhaug barnehage, +47 41236347
Arbeidsstad
Hattelandsvegen 111
4351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 4949684843
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.04.2025