Parkeringsvakt Grotlesanden/medhjelpar vedlikehald kommunalteksnisk seksjon 2025

  • Deltid
  • BREMANGER, NORGE
  • Publisert: 2 dager siden
  • 30. april 2025

Kultur og fritid, Bremanger kommune

Bremanger kultur og fritid søkjer etter parkeringsvakter ved Grotlesanden for sommaren 2025. Frå 21. juni – 17. august.

Vi søkjer etter 6 parkeringsvakter.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vert å ta i mot betaling frå besøkjande, vise dei tilrette og rydde boss i området ved sanitærbygg, ettersjå at toaletta er presentable og halde det ryddig på parkeringsplassane. Ein skal og syte for opplåsing av sanitærbygget på føremiddag. Det skal førast timelister for arbeidet. Det kan bli aktuelt med vakter helga før skulestart og helgene etter skulestart, dette kjem vi attende til.

De kan og bli aktuelt med vedlikehaldsarbeid i samarbeid med personell frå kommunaleteknisk dei dagane de ikkje set som vakt på Grotle. T.d. maling, rydding på og ved skulane og andre kommunale bygg.

Spørsmål kan rettast til driftssjef for kultur og fritid Norvall Klungresæter på telefon 91658547.

#Sommarjobb #SommarjobbNordfjord #Sommarjobbivest

Kontaktinformasjon

Norvall Klungresæter, Driftssjef kultur og fritid, +47 91658547

Arbeidsstad

6727 Bremanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 4954137082
Stillingsprosent: 1%
Engasjement
Søknadsfrist: 01.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted