Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har no ei ledig stilling som overstyrmann i sambandet Hatvik-Venjaneset, pt. MF Årdal.
Skiftordning: Døgnvakt – 3 veker på og 3 veker av.
Kvifor velje oss?
- Spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
- Fleksibel skiftordning: Døgnvakt, 3 veker på og 3 veker fri gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Dyktige kollegaer: Bli ein del av eit team med dyktige og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremogelegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Avløysar for skipsførar
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Oppgåver iht alarminstruks
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Ta om bord/i land bilar og passasjerar ved behov
- Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
- At billettering og kontroll vert utført
- At lasting og lossing vert utført forsvarleg og effektivt
Kvalifikasjonar
- Minimum D3
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig.
Personlege eigenskapar
Vi leiter etter ein overstyrmann med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjonar med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar
- Treningsrom om bord.
- Skiftordning: Døgnvakt, 3 veker på og 3 veker av
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Bemanningskoordinator, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.no
Arbeidsstad
Hatvikvegen 5200
5211 Os
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 4988267497
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.07.2025