Overlege psykiatri

Akutt psykisk helse Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Er du ein engasjert og dyktig psykiater med spesialistkompetanse innan vaksenpsykiatri? Ønskjer du å vere med på å forme framtida for psykosebehandling ved ein nyetablert psykosepost? Då er dette stillinga for deg!

Vi har ledig stilling som overlege/psykiater ved Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre – Psykose sengepost Sunnmøre frå 1. september.

Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre inneheld for øvrig 6 seksjonar: Akutt psykisk helse Sunnmøre, Lokal sikkerheitspsykiatri HMR, Utgreiing og behandling, Alderspsykiatri og Spesialisert habilitering.

Vi søkjer ein erfaren og dedikert overlege, spesialist i vaksenpsykiatri, til vår nyetablerte psykosepost. Du vil få ei unik moglegheit til å vere med på å bygge opp og utvikle eit innovativt behandlingstilbod for personar med psykoselidingar.

Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og diagnostisering av nysjuke personar med psykoselidingar.
  • Utvikling og implementering av individuelle behandlingsplanar.
  • Medikamentell behandling og oppfølging.
  • Psykoterapeutisk behandling og støtte.
  • Tverrfagleg samarbeid med psykologspesialist, sjukepleiarar, sosionomar og anna helsepersonell.
  • Rettleiing og undervisning av kollegaer og helsepersonell.
  • Deltaking i forskings- og utviklingsprosjekt.

Kvalifikasjonar

  • Spesialistgodkjenning i vaksenpsykiatri.
  • Erfaring med utgreiing og behandling av psykoselidingar.
  • Sterke kliniske ferdigheiter og evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Interesse for forsking og utvikling innan psykiatri.
  • Evne til å rettleie og undervise helsepersonell.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein person som er nytenkjande og endringsorientert.
  • Du har gode evner til å kommunisere, både med pasientar, pårørande og kollegaer.
  • Du er ein miljøskapar der det faglege og sosiale miljøet kan vekse og utviklast.
  • Du er ein lagspelar, men sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengst.
  • Du har evne til å tåle stress og stå i krevande situasjonar.
  • Du har evne til å samarbeide på tvers av ulike fagmiljø.
  • Du har interesse for forbetringsarbeid og forsking.

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande stilling ved ein nyetablert psykosepost.
  • Moglegheit til å vere med på å forme behandlingstilbodet.
  • Eit dynamisk og tverrfagleg arbeidsmiljø.
  • Moglegheit for fagleg utvikling og vidareutdanning.
  • Ein inkluderande arbeidsplass.
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar.
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Erik Sletten Helgesen, Seksjonsleiar, Erik.Sletten.Helgesen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Ålesund sjukehus
6026 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4933519601
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.05.2025