Overingeniør/teknisk utgreiar

  • Heltid
  • SURNADAL, NORGE
  • 30. desember 2025

Om stillinga

Noregs domstolar er den tredje statsmakt og samfunnets fremste konfliktløysar. Domstolane treff avgjerder som betyr mykje for både enkeltmenneske og samfunnet. 

Dersom ditt faglege engasjement spenner over både landmåling og jordskiftefag, kan stilling som overingeniør/teknisk utgreiar i jordskifteretten vere interessant for deg. 

Møre og Romsdal jordskifterett er ein av landets største jordskifterettar og har i dag 19 tilsette fordelt på 3 rettsstadar (Ørsta, Molde og Surnadal). Arbeidsplassen for denne stillinga er Surnadal.
Jordskiftesoknet omfattar alle kommunane i Møre og Romsdal, samt Rindal kommune i Trøndelag. Vi har ledig ei fast 100% stilling som overingeniør/teknisk utgreiar for ein dyktig og engasjert kandidat.

På www.domstol.no kan du sjå korleis nokre kollegaer i jordskiftedomstolane presenterer stillingane sine

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåvene i stillinga er teknisk saksførebuing og teknisk gjennomføring av saker domstolen har til behandling. Oppgåvene omfattar mellom anna:

  • saksførebuing, planlegging og utgreiing av sakene i samarbeid med dommar
  • innmåling, utsetting, merking av grenser og utarbeiding av grensebeskriving
  • GIS-arbeid og utarbeiding av digitale kart
  • delta på rettsmøte saman med dommar
  • leie og gjennomføre befaring og teknisk arbeid i felt
  • verdsetje og bonitere areal
  • droneopptak

Arbeidsoppgåvene kan tilpassast noko etter dine kvalifikasjonar. Ved særskilt kompetanse kan det også vere aktuelt å gjennomføre rettsmekling. 

Stillinga medfører noko reiseaktivitet og du må rekne med å delta i saksarbeid ved alle rettsstadane i domstolen. Domstolen har eigen tenestebil som ein disponerer ved feltarbeid. Det er eit krav at du har førarkort for bil. Skyss- og kostgodtgjersle vert gitt etter Staten sitt regulativ.

Kven er du?

Faglege kvalifikasjonar:  

Vi krev i utgangspunktet at du har 3-årig høgskuleutdanning innan landmåling og eigedomsdesign. Anna relevant utdanning kan også vere aktuell, særleg utdanning innan fagfelta GIS, landmåling, kartfag, eigedomsfag tingsrett eller skogfag.

Det blir lagt vekt på god forståing i landmåling, GIS, tingsrett og eigedomsfag. I tillegg blir det lagt vekt på evne og interesse for rettsmekling. Det er vidare ein fordel med kunnskap innan jordskifte og rettsprosess. Det er også ein fordel med erfaring i bruk av GNSS-utstyr til RTK-måling og GIS-verktøy (ArcGis) som blir nytta av jordskifterettane.

Personlege eigenskapar:  

Du må ha gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø. Det blir lagt vekt på at du kan arbeide sjølvstendig, er allsidig og lærevillig. Du må yte service og opptre på ein objektiv og kontakt- og tillitsskapande måte overfor partane i jordskiftesakene. Vi føreset at du kan kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk, og at du kan delta i dialog med partar, private og offentlege instansar på ein god og forståeleg måte. Inngåande menneskekunnskap og ein god dose nysgjerrigheit blir viktige ingrediensar i arbeidskvardagen din. Mange av partane du vil jobbe med er sjølvprosederande, noko som krev ekstra rettleiing og folkeleg språk.

Ferdigheiter i bruk av digitale verktøy blir vektlagt. Vi arbeider kontinuerleg med forbetring av domstolen sine digitale løysingar og rutinar. Du vil få moglegheit til å vere bidragsytar i dette arbeidet.

Stillinga medfører feltarbeid, som også betyr at det kan bli nokre lange dagar til dels i krevjande terreng. Dette føreset at du har normalt god fysisk helse.

Kva tilbyr vi?

I tillegg til samfunnsoppdraget vil du få ein jobb som er variert nok til at du kan bruke innesko, støvlar, ein pen genser/skjorte og allværsjakka på éin og same dag.

Stillinga inneber:

  • utfordrande arbeidsoppgåver
  • godt arbeidsmiljø med hyggelege og kompetente kollegaer
  • du vil lære mykje nytt! Vi er opptatt av å utvikle di kompetanse
  • nasjonale og regionale fagsamlingar og godt nettverk
  • bruk av nytt teknisk utstyr
  • fleksible ordningar for fri, avspasering og moglegheit for trening i arbeidstida
  • tittel overingeniør og lønn etter Hovudtariffavtalane i staten med konkurransedyktige vilkår og ei av marknadens beste pensjonsordningar i Statens pensjonskasse
  • trygg arbeidsplass innanfor statens rammer og avtaleverk

Deler av arbeidet føregår på kontoret og andre delar i storslått naturomgjevnader. Her er det svært gode moglegheiter til utøving av friluftsliv, jakt og fiske på fritida. 

Mangfald i Noregs domstolar 

Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og livserfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer difor å rekruttere fleire medarbeidarar som har ein fleirkulturell bakgrunn, ulik arbeids- og livserfaring, funksjonsnedsetjing og hol i CV. Dette vil gi domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.

Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på www.dfo.no.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted