Kultur, Vinje kommune
Me søkjer etter ein barne- og ungdomsarbeidar i 40 % prosjektstillingstilling, som vil vera ein del av ei gruppe som jobbar med barn og ungdom i Vinje kommune. Gruppa skal bestå av trygge, varme og imøtekommande vaksne, som vil reise ut å møte ungdommane der dei er. Gruppa vil også trygge og støtte ungdommane i ulike situasjonar, og hjelpe dei med å ta tak i ulike problemstillingar og utfordringar for å motverke utanforskap og førebyggje rusproblematikk.
Vinje kommune har fått tilskot frå Helsedirektoratet til å opprette denne prosjektstillinga i 2025. Det er moglegheit for forlenging ut over 2025 dersom prosjektet får vidare finansiering.
Arbeidsoppgåver
- Oppsøkjande barne- og ungdomsarbeid i Vinje kommune og Vest-Telemark – der ungdomane er
- Planlegging og gjennomføring av ulike førebyggingstiltak i samarbeid med ungdomskoordinator og SLT-gruppa i Vinje kommune
- Skape gode relasjonar til Vinjeungdommen ved å lytte, samhandle og rettleie over tid
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan barne- og ungdomsarbeid
- Erfaring med barne- og ungdomsarbeid i fritida deira, slik som ved ungdomsklubb eller oppsøkande arbeid
- Erfaring, tryggleik og omsorg i ein-til-ein arbeid
I tillegg er det ynskjeleg med:
- Kjennskap til barn og unge i Vinje, ungdomsmiljø og nærmiljø
- Kjennskap til typiske ungdomsutfordringar, evne og kunnskap til å forstå ulike menneskelege reaksjonar og kva som kan vera årsakar bak desse
Personlege eigenskapar
Som barne- og ungdomsarbeidar i dette prosjektet:
- er du ein tydeleg, konsekvent og trygg vaksen, med varme og omsorg for barn og unge
- vågar du å gå inn i situasjonar og stå i situasjonar som trygg vaksen
- har du evne til å skape relasjonar til, og mellom barn og unge
Vi tilbyr
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Kristian W. Rantala, Verksemdsleiar kultur og fritid, 949 83 823, kristian.rantala@vinje.kommune.no
Arbeidsstad
Vinjevegen 192
3890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 4954718273
Stillingsprosent: 40%
Engasjement
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 22.04.2025