Operasjonssjukepleiar – er du den vi leitar etter?

Operasjonseinhet, Haugesund sjukehus

Kjenner du deg igjen?

Du trivst i operasjonssalen og likar ein arbeidskvardag der ting skjer. Du held hovudet kaldt når det trengst, samarbeider godt med ulike faggrupper og tek ansvar i teamet. Samtidig ser du verdien av fagleg utvikling og er nysgjerrig på nye metodar. No ser vi etter deg som vil vere med på utviklinga av operasjonsavdelinga vår – der vi snart startar med robotkirurgi innan gastrokirurgi, gynekologi og urologi!

Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø, der vi jobbar tett saman for å gi pasientane den beste behandlinga. Vi har ein variert kvardag med høgt tempo, heilt ny avansert teknologi og eit arbeidsmiljø der vi både ser og og støttar kvarandre.

Som operasjonssjukepleiar er du ein viktig del av operasjonsteamet og bistår kirurgane under både tradisjonelle inngrep og snart robotassistert kirurgi.

Dersom du ønskjer å jobbe hos oss, men bu på heimstaden din, kan ei ordning med langvakter og lengre friperiodar vere mogleg. Dekning av oppholdsutgifter og reise etter avtale.

👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

"Ein skikkeleg spennande jobb saman med fantastiske kollegaer", seier dei ansatte

Kva gjer ein operasjonssjukepleiar hos oss?

Dette er noe av det du kommer til å gjøre:

🔹Førebu operasjonar – Sikre sterile forhold, sjekke utstyr og pasientinformasjon
🔹Assistere under inngrep – Hente og handtere instrument, overvake sterilitet og samarbeide tett med teamet
🔹Trygg avslutning – Tel opp og rydde utstyr, dokumentera og sikra god overføring av pasienten
🔹Tverrfagleg samarbeid – Jobba tett med anestesi, intensiv og kirurgar

Fagområda våre spenner frå ØNH, auge og ortopedi til gynekologi, urologi, gastrokirurgi, kar/mammae og barnekirurgi.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

🔹Norsk autorisasjon og vidareutdanning i operasjonssjukepleie
🔹Det er ein fordel om du har erfaring frå sjukehus som operasjonssjukepleiar
🔹Må meistre norsk språk munnleg og skriftleg

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som har:

🔹norsk autorisasjon og vidareutdanning i operasjonssjukepleie
🔹lyst å jobbe i team og har blikk for både pasient og kollegaer
🔹lyst å lære og trivst med nye utfordringar

Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. 

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

🔹Vere ein del av ei avdeling i vekst og utvikling
🔹Høve til å jobbe med topp moderne teknologi
🔹Fagleg påfyll med jamlege kurs og øvingar
🔹Eit arbeidsmiljø der vi tek vare på kvarandre – både i og utanfor operasjonssalen
🔹Lønn etter gjeldande overeinskomst

For å kunna vurdera fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.

Bli med oss – vi gler oss til å møte deg! 

Kontaktinformasjon

Gunnar Helge Sjøen

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4930132313
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 22.04.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted