Open søknad – tilkallingsvikar i reinhald

Eigedom, Stad kommune

Eining for eigedom ønskjer fleire tilkallingsvikarar til arbeid innan reinhald i heile Stad kommune. Dersom du ønskjer å arbeide som tilkallingsvikar i reinhald i kommunen er du velkomen til å søkje. 

Skriv gjerne i søknaden kvar du helst vil jobbe eller skriv at alle tenestestader kan vere av interesse, så vil vi ta kontakt med deg dersom du er aktuell.

Merk at du likevel må søkje på direkte utlyste faste stillingar og langvarige vikariat. Denne utlysninga gjeld kun tilkalling og korte vikariat.

Arbeidsoppgåver

  • Vikararbeid innan reinhald i heile Stad kommune

Kvalifikasjonar

  • Alle som ønskjer det kan registrere open søknad for vikararbeid i reinhald
  • Dersom du er aktuell vil du bli kontakta

Personlege eigenskapar

  • Du er interessert i fagområdet
  • Du tek rettleiing og er flink til å følgje prosedyrar på arbeidsplassen

Vi tilbyr

  • Ekstravakter, tilkallingsavtaler og kortvarige vikariat
  • Løn etter tariff. Du skriv timeliste

Dersom du er ferdig utdanna og søkjer fast arbeid ber vi om at følger med på utlyste stillingar og legg inn ein søknad!

Det er fint om du sjølv trekk søknaden din i webcruiter når du ikkje lenger er aktuell for vikararbeid.

Kontaktinformasjon

Ann-Mari Silden, Fagleiar reinhald, 90613351, ann-mari.silden@stad.kommune.no

Arbeidsstad

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4991158179
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted