Open søknad – fritidskontakt og tilkallingsvikar i helse og omsorg

  • Heltid
  • STADLANDET, NORGE
  • 30. desember 2025

HELSE OG OMSORG, Stad kommune

Einingane innan helse og omsorg i heile Stad kommune ønskjer fleire fritidskontakter og tilkallingsvikarar.

Ein fritidskontakt skal hjelpe andre personar til å ha ei aktiv og meiningsfylt fritid. Årsaker til at personar treng fritidskontakt er samansett. Det kan vere somatisk (kroppsleg) eller psykisk sykdom, skade eller lidelse, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Personar i alle aldersgrupper kan ha fritidskontakt.

Dersom dette kan vere noko for deg, skriv gjerne litt om dine interesser og kva aldersgruppe du kan tenke deg å jobbe med.
Fritidskontaktoppdrag kan vare frå 2 timar og oppover per veke. Tidspunkt for arbeidet avtalast mellom fritidskontakt og personen ein har oppdrag for. 

Skriv i søknaden kva for ei stilling du søkjer på (fritidskontakt eller tilkallingsvikar) og kvar du helst vil jobbe, eller skriv at alle tenester kan vere av interesse, så vil vi ta kontakt med deg dersom du er aktuell.

Merk at du likevel må søkje på direkte utlyste faste stillingar, langvarige vikariat og ferievikariat. Denne utlysninga gjeld kun tilkalling og korte vikariat.

Arbeidsoppgåver

  • Vikararbeid i Heimeteneste inkludert Fossevegen bufellesskap, Bu- og miljøtenesta, Hogatunet, Seljetunet og eining for Helse.
  • Fritidskontakta si viktigaste oppgåve er å hjelpe den enkelte til ei meiningsfull fritid. Dette inneber å vere saman med den enkelte på ulike fritidsaktivitetar som t.d å gå på kino, kafé, trene, reise på turar saman mm.

Kvalifikasjonar

  • Alle som ønskjer det kan registrere open søknad for vikararbeid i helse og omsorg
  • Som fritidskontakt må du sette deg inn i andre sin situasjon og ha lyst å gjere noko meiningsfylt i samspel med andre
  • Dersom du er aktuell vil du bli kontakta
  • Du er gjerne i eit relevant studieløp
  • Alle som arbeider i helse og omsorg må levere gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du er interessert i andre menneske og i tenesteområdet
  • Du tek rettleiing og er flink til å følgje prosedyrar på arbeidsplassen

Vi tilbyr

  • Ekstravakter, tilkallingsavtaler og kortvarige vikariat
  • Løn etter tariff. Du skriv timeliste.

Dersom du er ferdig utdanna og søkjer fast arbeid ber vi om at følger med på utlyste stillingar og legg inn ein søknad!

Det er fint om du sjølv trekk søknaden din i webcruiter når du ikkje lenger er
aktuell for vikararbeid.

Kontaktinformasjon

Ida Elisabeth Sjåstad, spesialkonsulent, +4798644156, ida.sjastad@stad.kommune.no

Arbeidsstad

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4991155520
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted