Ønsker du å arbeide med forvalting og utvikling av fagsystema våre?

  • Heltid
  • OSLO, NORGE
  • Publisert: 8 timer siden
  • 16. august 2025

Statens helsetilsyn

Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for det faglege tilsynet med sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenesta, og skal utvikle tilsynsverksemda. 
Helsetilsynet og statsforvaltarane har ein ny felles strategi for tilsyn med barnevern, sosial- og helsetenesta. Digitalisering er ein nøkkelfaktor for å lykkast med den nye strategien. 

Saman med statsforvaltarane, statsforvaltaranes fellesteneste (STAF) og Norsk helsenett (NHN) skal vi bygge eit nytt, felles fagsystem og ein moderne data- og analyseplattform. Dagens fagsystem vil gradvis bli utfasa, og vi søker deg som ønsker å bidra både i forvalting av eksisterande system, og i utviklinga av framtida sine løysingar.

Stillinga passer for deg som har teknisk forståing, prosjekt- og forvaltingserfaring, og som trivst med å jobbe i skjæringspunktet mellom fag og IT. Det er viktig at du er nysgjerrig på nye digitale løysingar, og at du ønsker å bidra til å styrke digitaliseringa i Helsetilsynet.

Hovudoppgåva til den som blir tilsett vil vere å forvalte det eigenutvikla fagsystemet vårt. Dette skal i løpet av dei neste fem åra, erstattast av eit felles fagsystem for Helsetilsynet og statsforvaltarane. Etter kvart som nytt felles fagsystem blir utvikla, vil den som blir tilsett, vere med på denne utviklinga. 

Stillinga er for tida plassert i Avdeling for verksemdstyring.

Arbeidsoppgåver

  • forvalting og utvikling av fagsystema
  • vere bindeledd mellom fagmiljø i Helsetilsynet og statsforvaltarane og IT-miljøa i Helsetilsynet, STAF og NHN  
  • svare på førespurnader og gi støtte
  • utarbeide rapportar, statistikk og behandle data  
  • delta i diverse digitaliseringsprosjekt 
  • ved behov hjelpe til med andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Nødvendige kvalifikasjonar:

  • relevant, høgare utdanning, for eksempel innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi, informatikk, helseinformatikk. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning
  • erfaring med forvalting og brukarstøtte av fagsystem, gjerne frå helse- og omsorgssektor eller frå offentleg verksemd
  • erfaring frå tverrfagleg samarbeid mellom fag- og IT-miljø
  • forståing for systemforvalting og applikasjonsdrift
  • erfaring med rapportering og analyse, med bruk av Excel, Power BI eller liknande verktøy

Ønskte kvalifikasjonar:

  • erfaring frå prosjekt knytta til utvikling, innføring eller overgang til nye IT-system
  • kjennskap til data- og analyseplattformer
  • sikkerheitsfagleg kompetanse
  • god forståing av kompleksiteten i helsetenesta
  • kjennskap til offentleg forvalting
  • kjennskap til tilsyn

For å bli vurdert som seniorrådgivar, er det krav om lang og relevant arbeidserfaring.  

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som er serviceinnstilt, utviklingsretta, som har stor arbeidskapasitet og ein løysingsorientert haldning. 

Du må:

  • ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk 
  • ha gode samarbeidsevne
  • ha interesse for digitalisering og utvikling av nye løysingar
  • vere strukturert
  • ha evne til å veksle mellom å jobbe sjølvstendig og samarbeide tett i team 

Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna.

Vi tilbyr

Lønn: Rådgivar: kr 650 000 – 800 000 / seniorrådgivar kr 700 000 – 900 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare lønn. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse. 

Vi er om lag 130 medarbeidarar og har kontorlokale sentralt i Oslo. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), samt sommartid og vintertid, og du har høve til å trene inntil ein time per veke i arbeidstida. Medarbeidarar som har eigna oppgåver kan få høve til å arbeide heimanfrå inntil 2 dagar per veke.

Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn.  Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn.  Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort  sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.   

Kontaktinformasjon

Tone M. Traa, Underdirektør, 21 52 98 15, ttr@helsetilsynet.no

Arbeidssted

Møllergata 24
0179 OSLO

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Statens helsetilsyn

Referansenr.: 4970164669
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 17.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted