Alver kommune
Om stillinga
Me har ledig fast stilling i 100% og eit 2 års vikariat i 100%. Stillingane er ein del av gjeldsteamet som høyrer til avdeling Service og Velferd i Knarvik. Det er ynskjeleg med oppstart i begge stillingane frå august 2025, eller seinare etter avtale.
Om oss
NAV Alver er ein arbeidsplass med ca 70 ansatte. Vi er ein bidragsytar til utjamning av sosiale forskjellar i samfunnet. Er du god på å finne moglegheiter, ressursar, og ein pådrivar for samarbeid? Vil du være med på laget, saman med dyktige og engasjerte kollegaer? Då håper vi du sender inn ein søknad.
Arbeidsoppgåver
- Rådgjeving for personar med økonomiske utfordringar og gjeldsproblem
- Opplysningsarbeid og førebygging innan tema privatøkonomi
- Forvaltning av privatøkonomi for enkeltpersonar
- Råd og rettleiing med mål om ein sjølvstendig økonomisk kvardag
- Sakshandsaming etter sosialtenestelova, med hovudvekt på § 17
- Betening av møtesenter og vakttelefon
Kompetanse
- Det er krav til bachelor innan sosialfag med ynskje om relevant masterutdanning innan sosialfagleg, juridisk eller økonomisk retning. Dette vert vurdert konkret. Krav til utdaningsretning kan fråvikast ved relevant erfaring.
- Erfaring frå rettleiingsarbeid og eller rettleiing som ein del av utdanninga
- Erfaring med bruk av data som arbeidsverktøy og generelt god digital kompetanse
- God samhandlings og formidlingsevne både skriftleg og munnleg
Det er forventa at du kan utvisa sosialfagleg skjønn, samt ha økonomisk og juridisk forståing av fagfeltet. Det er eit føremon med erfaring frå liknande arbeid og det er ynskjeleg med førerkort klasse B.
Kven er du?
- Du har gode samtaleferdigheiter
- Du byggjer gode samarbeidsrelasjonar og er ein påliteleg samarbeidspart
- Du er fleksibel og trivast i ein travel arbeidskvardag
- Du er ein som ser ressurser hjå den einskilde og leitar etter løysingar
- Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
- Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
- Opplæring og rettleiing
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar og sjølvstende
- Aktive og engasjerte kollegaer
- Godt arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldane lov og avtaleverk. Innplassering i kapittel 4, med moglegheit for innplassering i kapittel 5. Dette vil vurderast konkret.
- 7,5 timers arbeidsdag
- Fleksibel arbeidskvardag med fleksitid
- Nyoppussa lokalar i knarvik, med moglegheit for heimekontor ein dag i veka
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet i NAV vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Det må difor påreknast justering og endring av arbeidsoppgåver. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke!
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune