Bømlo kommune
Bømlo kommune søkjer ny økonomisjef som vil ta over stafettpinnen og bidra til å forma framtida i ein kommune med høge ambisjonar og sterke verdiar.
Me ser etter ein strategisk og utviklingsorientert økonomisjef som vil leia økonomiavdelinga og spela ei sentral rolle i kommunedirektøren si leiargruppe. Du får ansvar for budsjett, rekneskap, økonomistyring og finansforvaltning, og skal bidra til berekraftig samfunnsutvikling gjennom god økonomisk planlegging og leiing.
Om kommunen
Bømlo ligg vakkert til på kysten, midt mellom Bergen og Stavanger. Me har eit variert næringsliv, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår. Kommunen har om lag 12 500 innbyggjarar og er ein attraktiv stad å bu og arbeida. Me har høge ambisjonar for utviklinga av lokalsamfunnet vårt – og me treng dyktige folk med på laget.
Søknadar vert vurdert fortløpande. Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver og ansvar
Som økonomisjef har du overordna ansvar for kommunen sin økonomi og finansforvaltning. Du skal leia og vidareutvikla økonomiavdelinga og sikra at Bømlo kommune har god økonomistyring og langsiktige planar på plass.
Relevante arbeidsoppgåver vil vere:
- Budsjett og rekneskap: leia budsjettprosessen, sørgja for nøyaktig rekneskapsføring og økonomiplanar, samt følgja opp at vedtatt budsjett blir halde.
- Økonomistyring og rapportering: sikra god kontroll på utgifter og inntekter gjennom året og rapportera jamleg til administrativ og politisk leiing. Du har ei sentral rolle i å formidla økonomiske analysar og innsikt på ein forståeleg måte, slik at både organisasjonen og politikarane har god økonomisk forståing.
- Strategi og utvikling: vera ein aktiv bidragsytar i kommunen si overordna planlegging. Du skal sjå økonomi i samanheng med tenesteutvikling, identifisera handlingsrom og føreslå tiltak som fremjar ei berekraftig utvikling for Bømlo-samfunnet.
- Samarbeid og leiarskap: delta i kommunedirektøren si leiargruppe og bidra til godt tverrfagleg samarbeid. Du jobbar tett med verksemdsleiarar og andre fagmiljø for å integrera økonomiske perspektiv i alt frå samfunnsplanar til dagleg drift. Som leiar for økonomiavdelinga motiverer og utviklar du medarbeidarane dine og byggjer eit sterkt fagmiljø.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
Me ser etter deg som har erfaring innan økonomistyring og finansielle analysar, samt gode digitale ferdigheiter og systemforståing. Det er fordelaktig om du trivast med å jobbe strategisk med å tilpasse og utvikle digitale løysingar som møter kommunen sitt behov. For å lykkast i rolla trur me også at det er viktig at du er ein god kommunikator som formidlar økonomi på ein forståeleg måte og kan byggje gode relasjonar.
Vidare ser me for oss at du:
- Har høgare utdanning innan økonomi, fortrinnsvis masternivå.
- Har relevant leiarerfaring.
- Er utviklingsorientert og analytisk, ved at du ser heilskapen og tenkjer langsiktig.
- Har god framstillingsevne på norsk.
- Er strukturert og fleksibel og handterer varierte oppgåver med målretta innsats.
- Er ein trygg og engasjerande leiar, der du motiverer medarbeidarar og tek ansvar.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Ei nøkkelstilling i ein framoverlent kommune. Dette er ei utfordrande og lærerik toppleiarstilling.
- Eit kompetent og engasjert arbeidsmiljø. Økonomiavdelinga hos oss består av flinke folk med høg kompetanse som gledar seg til å få ein ny leiar på laget. Elles i organisasjonen vil du møta ein kultur prega av samarbeid og openheit, der me lever etter verdiane våre: raus, modig og engasjert.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar (KLP).
- Gode moglegheiter for faglig og personlig utvikling, inkludert lederutviklingsprogram.
- Konkurransedyktige løns- og avtalevilkår.
- Trivelege kollega, kantine og eige kontor.
- Mogleg medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Andre opplysingar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Kjetil Aga Gjøsæter, kommunedirektør eller personalsjef Vanja Espeland.
Kontaktinformasjon
Kjetil Aga Gjøsæter, Kommunedirektør, 408 63 501, kjetil.aga.gjosaeter@bomlo.kommune.no
Vanja Espeland, Personalsjef, 480 17 825, vanja.espeland@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Leirdalen 1
5430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 4993297734
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.10.2025