Åseral kommune
Åseral kommune lyser ut fast stilling som økonomirådgjevar/controller i 100%.
Me søkjer ein fagleg sterk og engasjert medarbeidar som vil vere med å utvikle økonomifunksjonen i kommunen og bidra til god styring og strategisk støtte.
Åseral kommune har stor økonomisk aktivitet, med trykk på investeringar og prosjekt.
Stillinga er lagt til staben som har ei sentral rolle i å støtte kommunedirektøren og dei ulike einingane med administrasjon, planlegging og utvikling.
Arbeidsoppgåver
Stillinga inneheld ei brei og kompleks samling av oppgåver som krev høg kompetanse og kontinuitet:
- Rådgjeving og økonomisk oppfølging mot einingane
- Analysearbeid, inkludert KOSTRA og kalkylar
- Oppfølging av investeringar, prosjektrekneskap og fond
- Økonomisk oppfølging av sjølvkostområde (vann, avløp, oppmåling, byggesak)
- Bidrag i årsavslutning, årsrekneskap og årsberetning
- Budsjettarbeid og økonomiplanlegging
- Økonomirapportering til politiske organ og administrasjon
- Saksbehandling og rådgjeving innan økonomi og finans
- Utvikling av rutinar, internkontroll og digitalisering
- Strategisk støtte til økonomisjef og kommunedirektør
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan økonomi, finans eller liknande. Det vil vere ein fordel med relevant Masterutdanning
- Erfaring frå kommunal økonomiforvaltning er ein fordel
- God systemforståing
Personlege eigenskaper
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strategisk
- Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner
- Endringskompetanse og – vilje
Vi er ein organisasjon i stadig utvikling og endring. Vi må pårekne endring i arbeidsoppgåvene over tid.
Personlege eigenskaper vert vektlagt
Vi tilbyr
- Ein spennande og variert jobb med strategisk betydning
- Eit godt arbeidsmiljø med fokus på utvikling og fagleg styrke
- Moglegheit til å påverke og utvikle økonomifunksjonen i kommunen
- Løn etter avtale og gode pensjonsordningar
- Vi kan hjelpe til å finne bustad
- Barnehageplass
- Gratis SFO
Kontaktinformasjon
Rune Hole Nilsen, Økonomisjef, 95869270, Rune.Hole.Nilsen@aseral.kommune.no
Astrid Marie Engeli, Einingsleiar, Stab, +47 47658969, Astrid.Marie.Engeli@aseral.kommune.no
Arbeidssted
Gardsvegen 68
4540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommune
Referansenr.: 5017696734
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2025