Aspia Accountor Norge | ØkonomiSenteret Voss AS
Tal, teknologi og trivsel – høyrest det ut som deg?
Hjå Økonomisenteret Voss AS får du kombinera interessa di for rekneskap med ansvaret for å utvikla og drifta IT-løysingane våre. Du blir ein nøkkelperson som sikrar både presise rekneskap og effektive digitale prosessar – i eit miljø der fagleg kvalitet og godt samarbeid står i sentrum.
Vert med du og!
Om oss
Økonomisenteret Voss AS er eit lokalt eigd økonomikontor med 18 dyktige medarbeidarar, fordelt på Voss og i Aurland. Me leverer rekneskap, løn og rådgjevingstenester til kundar i mange bransjar, og har eit sterkt fokus på service, fagleg tryggleik og menneskelege verdiar.
Dine oppgåver vil mellom anna vera:
· Drift og utvikling av kontorets IT-system, inkludert skyløysingar og digitale verktøy
· Bidra til automatisering og effektivisering av kundens økonomistyring
· Vere kontaktperson mot enkelte systemleverandørar og sørgja for god datasikkerheit
· Delta i utvikling av nye digitale tenester og rutinar
· Delaktig i den løpande oppfylginga av kundars rekneskap, kontroll og rapportering
Me ser for oss at du har:
· Utdanning og/eller erfaring innan rekneskap, økonomi eller IT
· God systemforståing og interesse for digitale løysingar
· Erfaring med bruk av økonomisystem
· Strukturert og nøyaktig arbeidsmåte
· Gode samarbeidsevner og ei positiv, løysingsorientert haldning
Hjå oss får du:
· Ein triveleg arbeidsplass med gode kollegaer
· Eit miljø der me heiar på kvarandre og deler kunnskap
· Høg grad av sjølvstende og tillit
· Moglegheit til å påverka utviklinga av våre IT-løysingar
· Konkurransedyktige vilkår og fleksibel arbeidstid
Arbeidsstad: Vangsgata, Voss (eventuelt Aurland)
Oppstart: Etter avtale
Søknadsfrist: 07.12.2025
Vil du vera med og kombinera rekneskap og teknologi i eit framtidsretta fagmiljø? Send oss søknaden din – me gler oss til å høyre frå deg!
Kontaktperson:
Margit Karin Himle
Tlf: 976 54 007
E-post: margit.himle@accountor.no