Sentraladministrasjon Fjord kommune
Fjord kommune søkjer dyktig og engasjert medarbeidar med relevant utdanning og erfaring innan rekneskap, lønn og fakturering. Er du glad i å arbeide med tal og har lyst til å vere med på digitaliseringa av økonomifunksjon i Fjord kommune er dette ei stilling du må søkje på.
Fjord kommune har ledig inntil ei 100% fast stilling som økonomi- og lønnskonsulent frå medio juni 2025, men oppstart tidlegare kan vere aktuelt
Som tilsett vil du ha hovudansvaret for faktureringsarbeidet i kommunen og vil ha oppgåver knytt til rapportering, rekneskap og ikkje minst vere med å løfte oss enda fleire hakk digitalt. I tillegg vil du få ei støttande rolle inn mot lønn der du vil vere stedfortredar for fagleiar lønn. Du vil med det ha faglege oppgåver på dette området også.
Du vil ha ei medvirkande rolle i arbeidsflyt og økonomisk oppfølging ute hos einingane saman med resten av økonomiavdelinga.
Kommunen brukar Visma Enterprise som sitt økonomisystem og du som tilsett vil vere superbrukar i Visma Enterprise Plus.
- Økonomikontoret er i dag organisert med ein økonomisjef, fagleiar rekneskap, økonomikonsulent og lønnskonsulent. Avdelinga arbeidar tett med personalavdelinga og er lokalisert på Rådhuset i Valldal. Kommunen har nynorsk som målform.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
- Fakturering
- Lønnsarbeid
- Oppfølging av regelverk og rutinebeskrivelsar innan rekneskapsområdet
- Delta i implementering av digitale og automatiserte løysingar
- Delta i profesjonalisering av rekneskapsfunksjonen
- Opplæring av brukarar i organisasjonen
- Støtte økonomisjef i saker for administrativ og politisk handsaming
- Kontakt med revisjon
- Veilede og gje råd til leiarane i Fjord kommune
Kvalifikasjonar
- Høgskule-utdanning (bachelor eller høgare) innafor rekneskap og økonomi.
- Realkompetanse innafor fagfeltet kan erstatte formell kompetanse
- Erfaring frå kommunalt rekneskap er ønskeleg
- God systemkompetanse (visma, MS- produkter osb.)
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Stor arbeidskapasitet
- Arbeider strukturert og effektivt.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Arbeide praktisk og vere løysingsorientert.
- Personlege egenskaper vert vektlagt
Vi tilbyr
Vi tilbyr spennande og varierte oppgåver, der vi ønskar å legge til rette for ei fagleg utvikling. Du vil kome til ein arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og gode kollegaer.
Fjord kommune har god pensjonsordning gjennom KLP. Tilsetting vil skje etter gjeldande lover, reglar og tariffavtaler.
Lønn i samsvar med kompetanse og praksis.
Fleksitid
Kontaktinformasjon
Dag Olav Tennfjord, Økonomisjef, +47 97175730
Arbeidsstad
Olavsgata 10
6210 VALLDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sentraladministrasjon Fjord kommune
Referansenr.: 4929884460
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.06.2025
Søknadsfrist: 17.03.2025