Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? Vi har ledig 100 % fast stilling ved avd. Bakketun, Ørstaheimen.
Bakketun er ei skjerma avdeling for demente med 16 plassar, fordelt på to grupper. Avdelinga er lokalisert på Ørstaheimen og vi samarbeider med andre faggrupper i kommunen. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.
Hos oss møter du eit engasjert og fagleg sterkt team som jobbar for å tilby bebuarane helse- og omsorgstenester av høg kvalitet.
Vi ser etter deg som er engasjert, fagleg trygg og ansvarsfull, som bidreg til trivsel og omsorg for bebuarane, og som ønskjer å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne handtere ein til tider hektisk kvardag, men du vil alltid ha dyktige og støttande kollegaer rundt deg.
Vi jobbar etter:
Årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre god fagkompetanse gjennom heile døgnet og året
Sjukepleieteam som bidreg med fagleg kompetanse og er ein viktig ressurs ved behov for støtte
Langvakter på helg kan inngå i stillinga med moglegheit for fleire helgetimar ved behov. Dette gir ei fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt.
Vi vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.
Arbeidsoppgåver
Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet og har fokus på ernæring, sosial aktivisering, tillitsskapande arbeid, velferdsteknologi og trivsel for den enkelte.
- Sjukepleiefaglege oppgåver
- Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Vegleiing og opplæring av medarbeidarar
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet.
- Oppfølging og implementering av interne rutinar og retningsliner
Kvalifikasjonar
- Off. godkjent sjukepleiar
- Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- Gode evner til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Relevant arbeidserfaring
- Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
- Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
- Likar utfordringar og har evne til å takle raskt skifte i arbeidsoppgåver
- Søkjer faglege utfordringar
- Tek initiativ og ansvar
- Du er engasjert, løysingsorientert
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Vi har fokus på gode arbeidsmiljø og behalde tilsette.
- Eit arbeidsmiljø med fokus på godt falgeg innhald og meistring
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Vi vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.
- Gode pensjons– og forsikringsordningar i KLP
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgar
Det kan vere aktuelt å gi bonus for auka timetal på helg
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr.2 stillingar med krav om høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar
Det kan også vere aktuelt å gi rekrutteringstilskot til nytilsette sjukepleiarar i faste stillingar, med bindingstid på 2 år etter at prøvetida er over.
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltidstilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2
Om offentleglova I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Arja Helena Hietanen, Konst. avdelingsleiar Bakketun, 481 23 801, arja.helena.hietanen@orsta.kommune.no
Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 78
6150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 4990956161
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.08.2025