Innlandet fylkeskommune Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule
Beskrivelse
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Otta har ledig 50 % fast undervisningsstilling i programfag på Vg1 teknologi- og industrifag frå 1. august 2025.
Vi søkjer deg som
- er engasjert og omgjengeleg
- evnar å sjå einskildeleven, og kan legge til rette undervisning for elevar med særskilde opplæringsbehov
- har gode samarbeidsevner
- er god til å kommunisere og er ein tydeleg klasseleiar
- er fagleg oppdatert
Vi tilbyr
- eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- eit breitt og engasjert pedagogisk miljø
- lønn etter gjeldande avtaleverk
- fylkeskommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Om stillinga
Programfagslærere 50 % på Vg1 teknologi- og industrifag med kompetanse innen følgende programfag i Fagfornyinga:
- produktivitet og kvalitetstyring
- konstruksjons og styringsteknikk
- produksjon og tjenester
- YFF
- oppstart 1. august 2025
Kvalifikasjonar
- yrkesfaglærer i TIF (Bachelorgrad)
- har du fagutdanning men mangler PPU er det er krav til fullført og bestått PPU i løpet av 3 år for å kunne tilsettes fast på vilkår
Søknad
Innlandet fylkeskommune ønskjer at arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit mål å oppnå best mogleg alders- og kjønnssamansetning og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Kopi av attestar og vitnemål vil eventuelt bli innhenta seinare. Tilsendte attestar blir vanlegvis ikkje returnert. Vi ber aldri om Bank-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Krav om politiattest – ikkje eldre enn tre månadar – for alle stillingar i tannhelsetenesta, folkehøgskulane og vidaregåande skule.
Vi gjer merksem på at alle søkjarar kjem på offentleg søkjarliste, jfr offentleglova § 25. Fritak fra offentleggjering blir berre unntaksvis gjort, og må grunngjevast i tekstfeltet til søknaden.
Innlandet fylkeskommune nyttar seg av elektronisk søknadsskjema.
Vi ser fram til å motta søknaden din.
Link til søknadsskjema: Søk her