Opplev Runde As
Er du ein naturentusiast som elskar å spreie glede, nysgjerrigheit og kunnskap?
Hva vi ser etter
-
Naturfagleg bakgrunn som biolog, naturrettleiar eller naturguide.
-
Du likar å spreie glede og kunnskap blant folk. Erfaring med naturrettleiing, friluftslivsrettleiing eller opplevingsdesign er ein fordel.
-
Sertifiseringar som instruktør/guide innan aktivitetar som padling, dykking eller coasteering er eit pluss.
-
Trives med å jobbe med barn og ungdom.
For oss er personlege eigenskapar minst like viktige som kompetansen du kjem med. Du må kunne jobbe sjølvstendig, vere lærevillig, nysgjerrig og ha gode samarbeidsevner. Vi forventar ikkje at du er ekspert på både fugl og fisk frå dag éin, men du må vere motivert for å lære!
Arbeidsoppgaver
Opplev Runde driv besøkssenteret på den spektakulære øya Runde, som ein del av Runde Miljøsenter. Her kombinerer vi naturopplevingar med kunnskapsformidling — enten det er gjennom eit varm måltid i kafeen vår, eit komfortabelt opphald i våre moderne leilegheiter, eller spennande aktivitetar ute i den ville naturen.
Kvart år finn 40 000–50 000 eventyrlystne gjestar vegen hit, og rundt 15 000–20 000 av dei tek turen innom senteret vårt. Vi tilbyr unike naturopplevingar, med guida turar opp til det majestetiske fuglefjellet — vår desidert mest populære aktivitet — samt ei rekkje kystnære opplevingar som tangsafari, coasteering og vårt lærerike "Fjøreforskar"-opplegg. Gjestene våre er alt frå barnefamiliar og skuleklassar til pensjonistgrupper, alle med ein felles lidenskap for natur, læring og eventyr.
Arbeidsoppgåver:
-
Guide turar og formidle om kystøkologien på Runde.
-
Guide omvisingar i utstillinga.
-
Bidra til å utvikle nye formidlingsopplegg og prosjekt.
-
Andre ad-hoc-oppgåver, som å hjelpe i kafeen ved behov.
Vi tilbyr
-
Ei spennande stilling der du får møte mange folk og bidra til å spreie kunnskap om den fantastiske naturen vår.
-
Eit godt arbeidsmiljø med fokus på tryggleik og meistring.
Oppstart vil vere i starten av mai, og vi ønskjer at du kan jobbe ut sommaren.
Vi ønskjer ein kortfatta søknad, CV og karakterutskrift.