Miljøterapeut STYRK-arbeid

  • Heltid
  • VOLDA, NORGE
  • Publisert: 21 timer siden
  • 7. juni 2025

Volda kommune, Rus og psykisk helseteneste

I Styrk-arbeid har vi ledig eit vikariat i 100% stilling frå 01.07.25 til 30.06.26.

Styrk-arbeid er eit arbeidstreningstiltak for unge som av ulike grunnar har droppa ut av utdanning eller jobb. Det blir lagt til rette for meistring, både praktisk og sosialt, slik at vegen tilbake til utdanning og jobb blir enklare. Deltakaren får tett oppfølging, og kan få hjelp til jobbsøking eller praksisplass hjå ein ekstern arbeidsgivar. 

Styrk-arbeid er organisert under rus og psykisk helseteneste i Volda kommune. Tenesta har knappe 30 årsverk fordelt på ulike tenesteområde, der vi tilbyr individuell oppfølging, døgntenester til heimebuande og lågterskeltilbod. Styrk-arbeid held til i den gamle prestegarden i Volda sentrum, saman med Møteplassen Gnisten.   

 

Arbeidsoppgåver

  • Organisere arbeidskvardagen til deltakarane saman med dine kollgega
  • Delta i fellesskapet, både på jobboppdrag, i lunchen og ved fysiske eller sosiale aktivitar
  • Følgje opp deltakarar som primærkontakt og mentor. Dette inneber støttesamtalar, karriererettleiing og opplæring.
  • Ha kontakt med samarbeidande instansar som f eks NAV, spesialisthelsetenesta og fastlege
  • Journalføring i fagsystemet Gerica
  • Delta på samarbeidsmøter internt i avdelinga og med eksterne samarbeidspartar, f.eks NAV

Kvalifikasjonar

  • Relevant bachelorgrad innan helse, sosial eller pedagogikk. 
  • Søkjarar med vidareutdanning innan psykisk helse- og/eller rusarbeid, eller erfaring frå liknande arbeid vil bli prioritert
  • Førarkort (klasse B) er eit krav
  • Politiattest må leggjast fram før tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • Du er en person som har interesse for psykisk helsearbeid og rusarbeid. Vi arbeider med ei sårbar gruppe, noko som krev at du kan
    halde ut over tid når det er vanskeleg.
  • Du er roleg, trygg, tydeleg og stabil, samtidig som du set grenser og står i konflikt og vanskelege situasjonar. 
  • Gode samarbeidsevner både når det gjeld brukarar, pårørande, samarbeidspartar og kollega.
  • Gode evner til sjølvregulering og samregulering i møte med andre sine kriser.
  • Evne til å halde seg fagleg oppdatert og tileigne seg ny fagleg kunnskap.
  • Evne til å jobbe strukturert og målretta ut frå brukarane sitt behov.
  • Personlege eigenskapar er avgjerande for kven som blir tilsett

Vi tilbyr

Vi tilbyr ein spennande jobb der du får vere med på å utvikle tenestene. Vi har eit godt arbeidsmiljø med mykje humor. Du vil oppleve varierte
arbeidsoppgåver og utfordringar som gir deg moglegheit for personleg
utvikling. Du kan få tilbod om kompetansehevande kurs og veiledning. 

Kontaktinformasjon

Erlend Indrearne, Fagleiar, 957 58 181 , erlend.indrearne@volda.kommune.no
Malene Rovde, Seksjonsleiar, 488 97 584, malene.rovde@volda.kommune.no
Elin Høydal Vatne, Avdelingsleiar, +47 91 55 59 70, elin.hoydal.vatne@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Sevrinhaugen 7
6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4968806160
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 08.06.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted