Miljøterapeut i langvakt-døgn turnus – Eining for habilitering/rehabilitering

  • Heltid
  • STRANDA, NORGE
  • Publisert: 3 uker siden
  • 7. august 2025

Habilitering rehabilitering, Stranda kommune

Eining for habilitering/ rehabilitering yter miljøterapeutiske tenester til personar med samansette behov. Målet med all habilitering/ rehabilitering er at tenestemottakaren skal oppnå el. vedlikehalde eit best mogleg funksjons- el. meistringsnivå. Eininga består av 4 bufellesskap, Langlobøen aktivitetssenter og koordinerande eining. 

I heildøgnbustad har vi ledig :

  • 100% fast stilling som miljøterapeut, ROP-døgntenester
    Turnusarbeid, for tiden langvakt-døgn turnus (2-7-2-7-3-7)

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.

Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar,herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsettmå framvise politiattest av nyare dato.

Kvifor velge oss

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Tverrfagleg arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer
  • Ein arbeidsplass under endring og utvikling
  • Vi vektlegg tryggleik, trivsel og høg kvalitet i tenestetilbodet.
  • Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad.
  • Internopplæring og faste fagmøter.
  • Færre oppmøtedagar og mykje samanhengande fri, i forhold til turnus.
  • I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg
  • Tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.  

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Kvalifikasjonar

  • Krav om bachelor innanfor helse – og sosialfagleg høgskule/universitetsutdanning.
  • Vidareutdanning i rus og psykiatri er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
  • Erfaring frå arbeid med målgruppa er ønskjeleg.
  • Ein må kunne jobbe sjølvstendig, samt ha gode evner til samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar.
  • Gode norsk kunnskapar, munnleg og skriftleg er eit krav.
  • Førarkort kl. B.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av helsetenester og samarbeid med andre instansar.
  • Miljøterapeutiske tenester til brukarar med samansette behov
  • Utarbeiding og oppfølging av mål og tiltaksplanar for den enkelte brukar
  • Sikre kvalitet i tenesteytinga
  • Ha evne til å styrke brukarane si mestringsevne
  • Sakshandsaming
  • Legemiddelhandtering i samsvar med lovverk og interne rutinar
  • Eininga nyttar fagsystema Profil, Compilo og SamPro
  • Delta aktivt i fagutvikling i eininga

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og i team
  • Du er samarbeidsvillig og opptatt av faglig utvikling.
  • Du er fleksibel og handterar at arbeidsdagen er uforutsigbar
  • Du har fokus på kvalitetsarbeid og utvikling av gode tenester
  • Omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetting
  • Du er ein god rollemodell

 

Kontaktinformasjon

Espen furset, Fagleiar, 46411075
Stine Fjørstad, Fagleiar, 93474099
Helene Rimstad, Einingsleiar, +47 46411059

Arbeidsstad

Kyrkjegata 13
6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 4991556737
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted