Miljøterapeut i avdelinga for menneske med nedsatt funksjonsevne

Voss herad Villa Gjerdebu

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis tenester for morgondagen skal vera. For å møta utfordringar i framtida har me auka fokus på førebygging og tidleg innsats.

Om arbeidsstaden

Stillinga er knytt til butiltak i avdelinga menneske med nedsett funksjonsevne

Medlevarturnus med arbeid to- tre døgn, fri seks-sju døgn. Arbeid kvar 4. helg

Rekruteringstillegg for vernepleiar kr 16 000,-

 Arbeidsoppgåver

  • bistå bebuar i dagliglivet sine gjeremål og medverke til at den enkelte tek i bruk eigne ressursar til aktivitet og sjøvstendigheit
  • bidra til fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø i virksomheita
  • dokumentering i pasientjournalprogrammet Aidn, det vil bli gitt opplæring
  • kollegarettleiing og tett samarbeid med samarbeidspartar og pårørande
  • andre oppgåver kan verta lagt til stillinga
  • som tilsett skal du vere med å bidra til at teamet yter heilheitleg og fagleg forsvarleg tenestetilbod til menneske som har ein åtferd som utfordrar

 Kvalifikasjonar

  • vernepleiar, eller anna relevant høgskuleutdanning
  • gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftlig
  • har gode faglege kunnskapar og kjennskap til relevant lovverk
  • tverrfagleg komptanse
  • relasjonskompetanse
  • rettleiingskompetanse
  • førarkort klasse B
  • fordel med erfaring i målretta arbeid ved åtferdsutfordringar

Personlige eigenskapar:

  • har stort engasjement for målretta arbeid i relasjonar til menneske som har åtferdsutfordringar
  • kan arbeide systematisk og målretta
  • er ein trygg og leiken vaksen som kan stå i utfordrande situasjonar
  • har gode samarbeidsevner og er positiv til endringar
  • bidrar til eit opent og positivt arbeidsmiljø

 Me tilbyr

  • tverrfagleg samarbeid
  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • rekruteringstillegg for vernepleiar kr 16 000,-

 

Personelg eigenskapar vil verta vektlagt

Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

 

Søknad

Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje.

Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

 

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk

ellertakast med ved evnt. intervju. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg

søkjarliste.

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted