Miljøterapeut i 1:1 tiltak

Bu- og miljøtenesta, Stad kommune

Bu- og miljøtenesta i Stad kommune ved avdeling Myroldhaug har ledig ei fast stilling på 100 % som miljøterapeut i 1:1-tiltak med tenestestad Nordfjordeid. Stillinga er inkludert 20 % frie timar. Turnusen er lagt opp etter eit medleverprinsipp med døgnvakter og langvakter i samla arbeidsperiodar og periodar med natt. Stillinga er ledige frå dags dato.

Bu- og miljøtenesta er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har fleire tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar i ulik alder og livssituasjon. Det overordna målet for bu- og miljøtenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgast mogleg grad av livskvalitet.

Arbeidsoppgåver

  • Vernepleiefaglege og/eller miljøterapeutisk oppgåver, miljøterapi, omsorg og behandling
  • Skape ein god heim 
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå.
  • Kandidatar med relevant erfaring og gode personlege eigenskapar, som ønskjer å ta relevant utdanning, kan også vurderast.
  • Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg.
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • På denne arbeidsplassen er det i hovudsak behov for mannlege søkjarar

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid
  • Høve til å skape eit godt arbeidsmiljø i nye lokale 
  • Høve til fagleg utvikling
  • Vi legg til rette for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Vi tilbyr flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår

For kode og løn som miljøterapeut er det krav om 3-årig høgskuleutdanning. Kandidatar med relevant fagbrev vil få kode og løn som fagarbeidar.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Referansar skal leggast ved. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsleiar Svenn Morten Eikeset.

Kontaktinformasjon

Svenn Morten Eikeset, Avdelingsleiar Bu- og miljøtenesta avd. Myroldhaug, 902 90 106, svenn.morten.eikeset@stad.kommune.no

Arbeidsstad

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4962355560
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted