Habilitering rehabilitering, Stranda kommune
Eining for habilitering/ rehabilitering yter miljøterapeutiske tenester til personar med samansette behov. Målet med all habilitering/ rehabilitering er at tenestemottakaren skal oppnå el. vedlikehalde eit best mogleg funksjons- el. meistringsnivå. Eininga består av Langlobøen aktivitetssenter, 4 bufellesskap, avlastningstiltak, støttekontakter og ROP-tenester.
Vi har ledig 100% fast stilling som miljøterapeut frå 01.07.2025
Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar,herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om åikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsettmå framvise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutiske tenester til brukarar med samansette behov
- Utarbeiding og oppfølging av mål og tiltaksplanar for den enkelte brukar
- Sikre kvalitet i tenesteytinga
- Ha evne til å styrke brukarane si mestringsevne
- Sakshandsaming knytt til eventuelle tvangsvedtak
- Legemiddelhandtering i samsvar med lovverk og interne rutinar
- Rettleie assistentar, helsefagarbeidarar, vikarar og nytilsette
- Eininga nyttar fagsystema Profil, Compilo og SamPro
Kvalifikasjonar
- Helse og sosialfaglig utdanning på bachelornivå
- Ein må kunne jobbe sjølvstendig samt ha gode evne til samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartarar
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg er eit krav.
- Førarkort kl. B
- Gjerne kjennskap til HOTL kap. 9
Personlege eigenskapar
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Du er fleksibel og handterar at arbeidsdagen er uforutsigbar
- Du har fokus på kvalitetsarbeid og utvikling av gode tenester
- Omgjengeleg og serviceinnstilt
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Du er ein god rollemodell
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer
- Ein arbeidsplass under endring og utvikling
- Muligheit til å påvirke eigen arbeidsdag
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Kontaktinformasjon
Stine Fjørstad, Fagleiar, 93474099
Espen furset, Fagleiar, 46411075
Helene Rimstad, Einingsleiar, +47 46411059
Arbeidsstad
Kyrkjegata 13
6200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 4962633144
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.07.2025
Søknadsfrist: 22.05.2025