Miljøterapeut

  • Heltid
  • HYLKJE, NORGE
  • Publisert: 3 dager siden
  • 27. september 2025

Bergen fengsel

Om stillinga

Bergen fengsel søkjer inntil 12 miljøterapeuter. Stillingane vert ein del av ei nasjonal prøveordning som vert gjennomført av Kriminalomsorgsdirektoratet. I Bergen fengsel får du høve til å jobbe i eit engasjert og tverrfagleg miljø der openheit, tryggleik, og nytenking står i fokus. Her får du spennande utfordringar, fagleg utvikling og eit støttande arbeidsmiljø – med blant anna gratis parkering, kantine og tilgang til treningsrom i fengselet.

Formålet med prøveordninga er å stabilisera bemanninga i eininga, samstundes utforska korleis miljøterapeutar kan bidra til eit meir heilheiteleg og tverrfagleg endringsarbeid. Vidare er det eit ynskje å styrkja oppfølginga av ei samansett innsettegruppe og gje kriminalomsorga praksiskunnskap om korleis miljøterapeutar kan inngå i faste turnusteam saman med fengselsbetjentar. Dette for å utforska moglegheita for ei meir berekraftig kompetansesamansetning og framtidsretta totalbemanning. Det vil også gje moglegheit for å vurdera moglege effektar på arbeidsmiljø, vald, truslar og uønskt åtferd.

Varigheiten på prøveordninga er sett til 24 månader. Som miljøterapeutar vil ein inngå i turnusbemanningen saman med fengselsbetentar i ei 3 delt turnus ordning. Alle som vert tilsett i stillinga vil bli gitt sikkerheitsopplæring og opplæring i fysisk maktanvending.

👉Blei du nysgjerrig på korleis det er å jobbe hos oss? Klikk her for å sjå filmen og bli inspirert.

. Video: https://youtu.be/yPsJr8Exqts

Arbeidsoppgaver

  • ivareta tilsette- og innsattes sikkerheit i henhald til lovverk, retningslinjer og rutinar
  • avdelingsteneste med daglege oppgåver knytt til innsatte
  • evne til trykkleigstenking, grensesetjing og konfliktløysing
  • kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid og programarbeid
  • vere ein aktiv medspelar i den faglege og sikkerheitsmessige utviklinga av avdelinga
  • tverrfagleg samarbeid

Den som vert tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.

Utdanning og erfaring

Du må ha

  • sosialfaglig høgskule- eller universitetsutdanning, eller anna relevant utdanning fra høgskule eller
    universitet på bachelornivå
  • erfaring frå miljøterapeutisk arbeid
  • god munnleg og skriftleg norsk framstillingsevne
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy
  • førarkort klasse B
  • plettfri vandel

Du må oppfylle dei fysiske funksjonskrava som gjeld for opptakt ved Kriminalomsorgens høgskule og utdanningssenter KRUS. Meir informasjon om krava finn du her. Det vil bli gjennomført fysiske funksjonstestar som må bestås.

Det er ynskjeleg at du har, men ikkje eit krav at du har:

  • erfaring innan for kriminalomsorgen
  • erfaring med å arbeide med menneskjer
  • kunnskap om straffegjennomføringslova

Personlege eigenskapar

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har evne og vilje til å drive påverknadsarbeid
  • evne til å opptre roleg, men bestem i utfordrande grensesituasjonar
  • evne til å stå i konflikt 
  • syne omsorg, empati og forståing
  • har evne til tryggleikstenking, å vere ein samtalepartnar og rollemodell for dei innsette
  • gode relasjonelle ferdigheta
  • er mål- og resultatorientert
  • evne til gje og få rettleiing
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
  • verdiar i tråd med kriminalomsorgen

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

Vi tilbyr

  • ein unik mogelegheit til å vere med å bidra til at innsette og domfeltes opphald i fengselet blir meiningsfullt og rehabiliterande.
  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • gode parkerings mogelegheitar, kantine, bedriftsidrettslag.

Stillinga vert lønt som miljøterapeut 1201, i eit lønnspenn frå kr 476 000 – 600 000, avhengig av kvalifikasjoner, det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. I tillegg kjem variable turnustillegg, for ukomfortable arbeidstider.

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Stine Berger – Fengselsinspektør tlf. 55 39 37 92 / stine.berger2@kriminalomsorg.no

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted