Miljørettleiar

  • Heltid
  • SKODJE, NORGE
  • Det er ikke lenger mulig å sende inn søknad.

Skodje skule, Ålesund kommune

Inntil 100 % engasjementsstilling som miljørettleiar er ledig ved Skodje barne- og ungdomsskule, ved barneskuleavdelinga. Oppstart etter avtale. Stillinga er knytt til elevar med spesielle behov. Det er ynskjeleg med helsefagleg bakgrunn og erfaring.

Skodje barne- og ungdomsskule er ein 1 – 10 skule med ca. 400 elevar, fordelt på to skulebygg. Skulebygga ligg i umiddelbar nærheit med kvarandre, men elevane har ulike uteområde. Vi har omtrent 100 barn i SFO. Skulen har ei unik plassering som ligg tett inn mot store friareal som kan brukast til både organiserte læringsaktivitetar og frileik. Kulturhus, idrettsanlegg og barnehage er våre næraste naboar, forutan nærleik til skog og natur.

Vi har eit positivt og godt arbeidsmiljø med eit engasjert og utviklingsorientert kollegium, med brei og allsidig utdanning og praksis. Jobben som lærar / kontaktlærar er både utviklande og utfordrande.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid med elevar med spesielle behov individuelt og i grupper.
  • Planlegge, organisere og gjennomføre opplæring og aktivitetar.
  • Sørge for eit trygt og godt læringsmiljø for elevar med stort behov for hjelp og tilrettelegging
  • Vere aktiv del av skulen sitt miljøretta arbeid.
  • Tilrettelegging, stell, tilpasse dag etter dagsform
  • Bygge relasjon til elev/ar med særskilte behov.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent 3-årig høgskuleutdanning, fortrinnsvis vernepleiar,
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid med born og unge med spesielle og samansette behov.
  • Gode IKT-kunnskapar er ein fordel.
  • Ønskeleg med ASK kompetanse.
  • Erfaring og kompetanse knytt til epilepsi er ønskeleg.

Personlege eigenskapar

  • Kunne meistre situasjonar som krev rask og trygg omstilling.
  • Strukturert og effektiv
  • Initiativrik, fleksibel og løysingsorientert
  • Tydeleg, varm, inkluderande, modig og profesjonell
  • God på samarbeid og relasjon, men også kunne jobbe sjølvstendig.
  • God helse og stabilitet er viktig.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert fellesskap.
  • Systematisk utviklingsarbeid i samarbeid med kollegaer og leiing.
  • Ein skule som kan nytte dei flotte områda i skulens nærleik som alternative læringsarenaer.
  • Eit arbeidsmiljø som er prega av godt samarbeid, samhald og engasjement.

Kontaktinformasjon

Arild Skistad, Rektor, 478 97 914, arild.skistad@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Stadionvegen 21
6260 Skodje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5041853365
Søknadsfrist: 14.12.2025