Oppvekst og kultur
Me har ledig vikariat som miljørettleiar. Du, i lag med spesialpedagogar, vil vera ein del av Bjerkreim kommune sitt spesialpedagoiske team for barnehage. Teamet fordeler arbeidet mellom kommunal- og privat barnehage. Me har fokus på tidleg innsats og det å gje tilpassa støtte til barn med særskilde behov. Du vil få ei viktig rolle i dette arbeidet med å følga opp ulike utfordringer knytt til dei som treng ekstra hjelp i kvardagen sin.
Stillinga er for eit halvt år, men det kan bli moglegheit for forlenging.
Har du lyst å gjera ein forskjell for barn i barnehagane i kommunen? Då håper me at du vil søkja hjå oss.
Arbeidsoppgaver
- Vera ein ekstra ressurs i barnehagekvardagen med hovudvekt på tidleg innsats.
- Arbeida førebyggjande, støtta opp om og ramma inn enkeltbarn og barnegrupper, slik at dei meistrar kvardagen best mogleg.
- Bidra til dokumentasjon og faglege vurderingar knytt til oppfølginga av enkeltbarn
- Du vil bidra aktivt inn i teamet rundt barnet, og samarbeida tett med spesialpedagogar, pedagogisk leiarar, barnehageansatte og føresette
Kvalifikasjoner
- Bachelorgrad som gjer kjennskap til barn med spesielle behov
- Erfaring frå arbeid med barn i barnehage er ein fordel.
- Gode ferdigheiter i relasjonsbygging, samarbeid og strukturert arbeid
- Me legg vekt på personlege eigenskapar.
Personlige egenskaper
- Du er trygg og tydeleg i møte med barn.
- Du er fleksibel, løysningsorientert og fagleg nysgjerrig.
- Du er ansvarsbevisst og pliktoppfyllande.
- Du har engasjement for inkluderande fellesskap og tidleg innsats.
- Du samarbeider og kommuniserer godt.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull kvardag der du gjer ein forskjell
- Fagleg fellesskap med dyktige og engasjerte kollegaer.
- Løn etter gjeldande avtaleverk.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Olinn Herikstad, Nestleder, +47 51459660
Arbeidssted
Nesjane 1
4389 Vikeså
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bjerkreim kommune
Referansenr.: 5037230345
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 14.08.2026
Søknadsfrist: 14.12.2025