Miljøpersonell til miljøteamet

  • Deltid
  • FANA, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 20. april 2025

STE - Elevteneste (Fagstab), Vestland fylkeskommune

Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan Naturbruk, Idrettsfag, Sal service og reiseliv, Påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 190 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet.  Stend vidaregåande skule har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan Yrkesfagleg grunnutdanning, Arbeidstrening og Kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak

Skulen har ei samansett elevgruppe med stort mangfald. Arbeidsoppgåvene er knytt til alle elevgruppane.
Stillinga er knytt til skulen si elevteneste og inngår i skulen sitt miljøteam.

Arbeidsoppgåver

Leggje til rette for aktivitetar i skulemiljøet.
Planleggje og leggje til rette for elevarrangement.
Oppfølging av enkeltelevar og klassar i timar og pausar.
Delta som ei støtte for elevane i kroppsøvingstimane.
Lage i stand skulefrukost.
Vere kontaktperson for elevar som bur på skulen sine hyblar.
Open skule for elevar i forkant av skulestart.
Ulike elevadministrative oppgåver.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter ein person med miljøfagleg kompetanse retta mot ungdom, med minimum fagbrev.
Vi ønskjer ein person som har kompetanse og erfaring frå arbeid med ungdom.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein omgjengeleg og samarbeidsvillig person som kan jobbe i team og utføre sjølvstendig arbeid.
Personen må ha interesse for, og høg motivasjon for å drive miljøarbeid med elevar.
Vi søkjer ein person som er god til å byggje relasjonar til elevane, og kan kan stå i vanskelege situasjonar over tid.
Vi ønsker ein person som er fleksibel og har stor arbeidskapasitet.
Å vere personleg eigna er viktig i dei utlyste stillingane.

 

Vi tilbyr

Løns- og arbeidsvilkår fastsett  i lov og avtaleverk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.

Andre opplysingar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysingar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Kari Spilsberg, ass. rektor              , 91822917

Arbeidsstad

Fanavegen 249
5244 Fana

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4948641216
Stillingsprosent: 92%
Fast
Søknadsfrist: 21.04.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted