OPK-AR - Årstad vgs, Vestland fylkeskommune
Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studiespesialiserande og studieførebuande løp, i tillegg innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø. Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/
Vi har ledig 100% vikariat som miljøarbeidar ut skuleåret 25/26, men oppstart så snart som mogeleg. Vi er i tillegg interessert i å rekruttere tilkallingsvikarar.
Arbeidsoppgåver
- Støtte og gjennomføre opplæring for elevar som treng tett oppfølging
- Arbeide ut frå elevane sin individuelle opplæringsplan
- Delta aktiv i teamet rundt eleven og på avdelinga
- Arbeide med pedagogisk utviklingsarbeid, i tråd med skolens pedagogiske plattform og utviklingsplan
- Det vil også vere oppgåver knytt til stell
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som Barne- og ungdomsarbeidar. Andre fagområde kan også vere relevant
- Eller høgskuleutdanning (t.d. vernepleiar, sjukepleiar, ergoterapeut eller fysioterapeut)
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- Ein vil i stor grad vektleggje personlege eigenskapar til denne stillinga
- Vi oppmodar menn til å søkje
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner, har godt humør og trivest med å jobbe i team
- Du må like å vere fysisk aktiv og å kunne ta i eit tak når det trengs
- Du må kunne jobbe sjølvstendig med elevar og gjennomføre planlagde aktivitetar
- Du har gode kommunikasjons- og relasjonsevner
- Du må vere trygg i arbeid med ungdom som kan ha utfordrande åtferd
Vi tilbyr
- Vi tilbyr eit godt fagmiljø med god samarbeidskultur med engasjert kollegaer
- Godt samarbeid med faglærarar og deltaking i pedagogisk utviklingsarbeid
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Sissel Næsheim Riise, avdelingsleiar, 41104799
Arbeidsstad
Fjøsangerveien 38
5054 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5048015112
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 19.01.2026
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 04.01.2026