Miljøarbeidar

Om stillinga

Ved Valestrand skule skal vi saman leggje til rette for læring og utvikling for alle elevar, og stimulere den enkelte sin motivasjon, lærelyst og tru på seg sjølv. Trygt og godt skulemiljø, elevmedverknad og lesing er satsingsområda til skulane på Osterøy. Vi søkjer no etter ein varm, engasjert og inkluderande miljøarbeidar i 100% fast stilling som skal jobbe både i skule og i SFO. Kanskje er det deg vi kan ønskje velkommen til den gode skulen vår? 

Oppstart i stillinga er 01.09.2025.

Arbeidsoppgåver

Som miljøarbeidar ved skulen vår vil du ha varierte arbeidsdagar med variert innhald. Arbeidsoppgåver som er knytt til stillinga er mellom anna: 

  • Arbeide for eit trygt og godt skulemiljø 
  • Bidra til å styrke laget rundt elevar 
  • Du har medansvar for at opplæringslova og rammeplanen blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på skule og i SFO 
  • Ansvar for å tilretteleggje for ulike aktivitetar og følgje opp enkeltbarn og elevgrupper i skule og SFO
  • Bidra til utviklande og positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Eit stabilt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte vaksne som bidreg aktivt for læring og utvikling 
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår, for tida plasserte hjå KLP 
  • Ein arbeidsplass med naturen som næraste nabo! Om du kjem med bil er det gode parkeringsmoglegheiter 
  • Ein arbeidsplass som gler seg til å få deg som ny kollega!

Kvalifikasjonskrav

Kvalifikasjonskrav 

  • Du har fortrinnsvis fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget 
  • Anna utdanning med fagbrev innan helse- og oppvekstfag kan og vurderast 
  • Har du ikkje fått fagbrevet heilt endå men ønskjer å ta det snarleg, ønskjer vi også å kome i kontakt med deg 
  • Vidareutdanning i "kvalitetsarbeid i SFO" er eit ønskje 
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagd vekt i prosessen

Kven er du?

  • Som miljøarbeidar ved Valestrand skule må du like å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer 
  • Du møter alle barn med respekt og varme, og er ein raus og trygg vaksen 
  • Du står stødig når barn treng innramming 
  • Du er nysgjerrig og har mot og vilje til å vere i utvikling
  • Du er fleksibel, omstillingsdyktig, finn løysingar, og likar å jobbe i team 
  • Du tar initiativ til å sjå ting frå nye innfallsvinklar og likar å jobbe tverrfagleg 
  • Du er strukturert og nøyaktig 
  • Treff dette deg? Då er det kanskje nettopp deg vi håper å ønskje velkomen til skulen vår!

Offentleg tenestepensjon

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide – og livet ut! 

Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for goder du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted