Medisinstudent med lisens

Nordfjord psykiatrisenter, Helse Førde

Nordfjord psykiatrisenter sine to døgnpostar har to ledige ferievikariat for medisinstudentar med lisens i ferieperioden: 22.06.2026 – 16.08.2026.

Seksjon rus har 10 døgnplassar og gjev tilbod om tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Sengeposten har ei tverrfagleg personalgruppe – her jobbar mellom anna psykolog, sosionom, overlege, lege i spesialisering, helsesportspedagog, fysioterapeut, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar. 

Seksjon døgn har 12 døgnplassar og er ein felles psykose – og allmenpsykiatrisk døgnpost med ei tverrfagleg personalgruppe – her jobbar mellomanna psykolog, overlege, sosionom, lege i spesialisering, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar. 

Kandidatar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte ut frå dette, det er difor viktig at dette vert opplyst om tydeleg i søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientansvarleg koordinator
  • Pasientbehandling 
  • Dagarbeidstid mandag til fredag, vaktarbeid inngår ikkje i vikariatet

Kvalifikasjonar

  • Legelisens, men kandidatar utan lisens kan også søkje
  • Gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
  • Kandidatar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte ut frå dette, det er difor viktig at dette vert opplyst om tydeleg i søknaden. 

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Trivst med å jobbe i tverrfagleg team 
  • Personleg eigna vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • God opplæring
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling 
  • Gratis bustad

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord

Kontaktinformasjon

Arild Krogh Nøstdal, Seksjonsleiar NPS Rus, 57864342/ 57864330
Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar NPS Døgn, 57864335/ 57864330

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 9
6770 NORDFJORDEID

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5023395732
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 04.01.2026