Åna fengsel
Om stillinga
Åna fengsel har ledig eit vikariat i full stilling i aktiviseringsteam til 31.12.26.
Medarbeidere i aktiviseringsteam arbeider to-skift med helgearbeid
Som tilsett i aktiviseringsteam har du ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, hente inn og vurdere informasjon og saksbehandling. Vidare skal du ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering. Du må kunna opptre som ein positiv rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.
For å kunne arbeide i kriminalomsorga er det eit krav at opplæring i fysisk maktbruk blir bestått.
Vi ønsker at teamet skal være bredt samansett med tanke på erfaring og bakgrunn. Teamet kan bestå av fengselsbetjentar, verksbetjentar og miljøarbeidarar. Formålet med aktiviseringsteamet er å førebygge isolasjon og gi et tilbod om aktivitet til innsette som ikkje er aktivisert i ordinær arbeidsdrift eller skole. Dette gjeld både innsette som er stengd ute frå fellesskapen av retten eller kriminalomsorgen, innsette som isolerer seg sjølv på grunn av psykiske lidingar, lettare psykisk utviklingshemming eller av andre grunnar unngår fellesskap med andre.
Arbeidsoppgåver
Aktiviseringsteamet skal bidra til å førebygge isolasjonsskader og aktiviserer innsette som ikkje klarer å delta i ordinær arbeidsdrift og elles ville vært utan tilbod. Aktiviseringsteamet skal arbeide tett saman med avdelingsbetjentar og være en del av ei tverrfagleg gruppe med mellom anna tilsette frå servicetorg, helse og arbeidsdrifta. Teamet skal gi eit eigna tilbod til målgruppa, som fysisk aktivitet, fritidsaktivitetar, individuelle- og gruppeaktivitetar eller annan meiningsfull aktivitet og menneskeleg kontakt.
Aktivitetsteamet skal stå for oppfølging av innsette som er i fare for å isolere seg. Vidare står dei for kartleggingar og risikovurderingar. Teamet set og opp, og gjennomfører, vekeplanar for innsette med tanke på deira individuelle behov. Aktiviseringa kan skje individuelt eller i grupper av varierande storleik med innsette med sær skilde behov, og større grupper der årsaka til isolasjon er manglande tilbod i avdelinga.
Aktiviseringsteam skal forholda seg til dei særlig sårbare og hjelpetrengande innsette:
- Innsette som ikkje er i stand til å nyttiggjera seg etablerte tilbod, som lett grad utviklingshemma og psykisk ustabile.
- Innsette som har psykotiske gjennombrot i fengsel. Innsette som er suicid -fare og/eller er i fare for å skade seg sjølv.
- Innsette med paranoid beredskap og er til fare for andre.
- Innsette som isolerer seg over tid med gradvis dårlegare psykisk helse.
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
For fengselsbetjent (0264) gjeld:
- Bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskulen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
- God kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
For miljøterapeut (1201) gjeld:
- Sosialfaglig høgskule- eller universitetsutdanning, eller anna relevant utdanning frå høgskule eller universitet på bachelornivå
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid
For miljøterapeut (0808) gjeld:
- Bestått 3-årig vidaregåande skule
- Relevant yrkeserfaring
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy
For verksbetjent (0275) gjeld:
- At du er tilsett som verksbetjent i kriminalomsorgen.
Ved tilsetjing vil samansetninga av teamet verta vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Ha evne og vilje til å drive påverknadsarbeid
- Ha evne til å motivera personar i vanskelege livssituasjonar
- Ha god evne til å arbeida i team
- Vere kreativ
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
- Evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kolleger, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
- Tolmod, har ansvarskjensle og evne til å setje grenser.
Vi tilbyr
- Meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- Eit inkluderande arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt, der samarbeid og deling av erfaringar er sentralt.
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- Gratis parkering og tilgang til el-billadar.
- Eit aktivt bedriftsidrettslag som tilbyr muligheter for fysisk aktivitet og sosialt samvær.
Miljøterapeut (1201) blir løna frå kr 476 000 – 600 000
Miljøterapeut (0808) blir løna frå kr 458 000 – 525 000
Fengselsbetjent (0264) blir løna frå kr 458 000 – 573 000
Verksbetjent (0275) blir løna frå kr 458 000 – 573 000
Oppgitt løn er pr. år, avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar, det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til avdelingsleiar Øystein Dale eller avdelingsleiar Linda Skrudland, begge på telfon 51799110
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.