Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Me søkjer ein fagleg engasjert funksjonsleiar til vår psykosepost på Haugaland DPS (HDPS).
Psykosepostane er organisert som to separate postar, med felles funksjonsleiar, og har hhv 9 og 10 sengeplassar. Det er dei siste åra gjennomført eit betydeleg utviklingsarbeid med styrking av fag, kvalitet og organisering av behandlingstilbodet for psykose ved HDPS. Døgntilbodet har eit utbreitt samarbeid med polikliniske tenester, som omfatter ACT og FACT-team, samt ei rekke strukturerte behandlingstilbod.
Personalgruppa er høgkompetent, og tverrfagleg samansatt. Behandlingstilbodet på posten er døgnåpent, og storparten av personalgruppa arbeidar turnus.
Funksjonleiar vil ha ei sentral rolle i det vidare utviklingsarbeidet, inngår i Haugaland DPS si dyktige leiargruppe kor ein samarbeidar på tvers av fag, døgn og poliklinikk.
Haugaland DPS er det største distriktspsykiatriske senteret i Helse Fonna, og ligger sentralt til med lokaler i Haugesund og Kopervik. Me har eit stort fagmiljø og gir eit bredt behandlingstilbod i fleire døgnpostar og poliklinikkar.
Kva går jobben ut på?
- Fagutvikling i tråd med nasjonale føringar og oppdragsdokument.
- Sørge for effektive og gode pasientforløp gjennom planlegging og samhandling internt og eksternt .
- Ansvarleg for oppfølging av medarbeidarane, samt tilrettelegge for utvikling.
- Bemanningsplanlegging og aktivt deltaking i det daglege arbeidet
- Ansvar for god kvalitet i pasientbehandlinga.
- Inngå og bidra i avdelinga si leiargruppe med arbeidsoppgåver på tvers av einingar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Helsefagleg utdanning frå universitet eller høgskule.
- Leiarerfaring og/eller relevant leiarkompetanse
- Erfaring og god kunnskap om psykisk helsearbeid
- Erfaring frå kvalitetsutviklingsarbeid, endrings- og forbetringsprosessar kan vere ein fordel
- Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagde
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du har:
- Evne til å sjå heilskap/strategisk tenking
- Evne til å involvere, skape engasjement og vere ein samlande leiar
- Gode samarbeidsevner og gjennomføringsevne
- Høg arbeidskapasitet
- Gode kommunikajsonsferdigheiter og formidlingsevne, munnleg og skriftleg
Kvifor skal du velje oss?
- Spennande og utfordrande fagmiljø i utvikling.
- Godt arbidsmiljø og mulighet til å bli ein del av eit fagleg sterkt leiarfellesskap
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Håvard Wester Breistein, Avdelingsleiar, +47 93241877
Arbeidsstad
Asaldalvegen 1
4250 Kopervik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4994200454
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025