Matvert

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • 20. desember 2025

Drift- /teknisk divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF 

Hospitaldrift Matforsyning har ansvaret for matservering til pasientar. Til dette treng vi flinke og framoverlente matvertar og har ledig følgande stilling:

*  1 x 100 fast stilling, turnus dag/kveld og fast arbeid pt. kvar 3 helg.

Matvert må pårekne å arbeida i alle matstovene våre. Aktuelle kandidatar vil vil bli kontakta fortløpande.

Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har nøgde medarbeidarar og brukarar.

Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komme i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov. Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar. Spisestuene er open frå kl. 07.00 – 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 22 spisestuer.

Arbeidsoppgåver

  • Bestilling av varer og måltid digitalt
  • Førebuing og anretting av frukost, lunsj, middag og kvelds i buffé
  • Tilrettelegging og levering av måltid
  • Oppfølging av diettar og spesialkost i samarbeid med avdelingane
  • Påfylling av drikkstasjonar og kuvertar i matstover
  • Oppvask, rydding og reinhald av bord, diskar og kjøkkenutstyr
  • Kontroll og registrering av temperaturar i samsvar med IK-mat rutinar
  • Klargjøring av mat til neste dag
  • Handtering av avfall og tekstil i tråd med gjeldande rutinar
  • Bidra til eit hyggjeleg måltids miljø for pasientane

    Kvalifikasjonar

    • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
    • Erfaring frå kjøkken/kantine
    • Kjennskap til IK-mat
    • Gode IT-kunnskapar
    • Matfagleg interesse
    • Fagbrev som kokk er ønskeleg

    Personlege eigenskapar

    • Serviceinnstilt og imøtekommande
      Evne til å skapa ein hyggjeleg atmosfære for pasientane. Vere vennleg, tolmodig og ha eit smilande vesen
    • Gode kommunikasjonsferdigheiter
      Kunne kommunisera klart med pasientar, kollegaer og anna helsepersonell
      Lytta aktivt for å forstå behova og ønska til pasientane
    • Empati og omsorg
      Vise forståing for situasjonen til pasientane og tilpassa seg individuelle behov
      Ha respekt for ulike kulturar, kosthald og helsetilstandar
    • Fleksibilitet og tilpassingsevne
      Takle varierte arbeidsoppgåver og skiftande rutinar
      Vere komfortabel med turnusarbeid (dag/kveld og helg)
    • Nøyaktigheit og struktur
      Sørgje for korrekt bestilling, anretning og hygiene
      Følgje rutinar for mattryggleik og kvalitet
    • Initiativ og sjølvstende
      Ta ansvar for oppgåver utan å måtta bli instruert heile tida
      Vere løysingsorientert når utfordringar oppstår
    • Samarbeidsevne
      Jobbe godt i team med andre matvertar og kjøkkenpersonell
      Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
    • Fysisk uthald
      Takle eit aktivt arbeid med mykje rørsle, rydding og oppvask
      Ha god helse til å stå og gå store delar av dagen
    • Interesse for mat og ernæring
      Ha forståing for betydninga av ernæring i pasientbehandling
      Vere opptatt av å presentere maten på ein appetittvekkande måte
    • Gode kommunikasjonsferdigheiter 
      Tydeleg og vennleg dialog med pasientar og kollegaer

    Vi tilbyr

    • Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Høgt fagleg nivå

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Åge Nilsen, Driftskoordinator, 55974536
    Arve Haga, Seksjonsleiar, 55977474

    Arbeidsstad

    Jonas Lies vei 69
    5021 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 5046084988
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Startdato: 01.02.2026
    Søknadsfrist: 21.12.2025

    Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


    Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

    Jobbsted