Maskinsjef reservefartøy Arsvågen-Mortavika, pt. MF Bergensfjord

  • Heltid
  • BOKN, NORGE
  • Publisert: 13 timer siden
  • 20. oktober 2025

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef på reservefartøyet i sambandet Arsvågen-Mortavika for tida MF Bergensfjord, med base på Garpaskjærskaien i Haugesund.

 

I denne stillinga vil du ha ansvaret for å sikre at vår reserveferje alltid er operativ. Du vil yte støtte til driftande ferje ved behov for akutt byte av fartøy, og planlagde verkstedsopphald. I periodar med høg trafikk vil dette fartøyet gå inn i rute saman med dei andre ferjene.   

Stillinga gir deg ein variert og utfordrande kvardag, der du får brukt både teknisk kompetanse og praktisk erfaring. 

Kvifor velje oss?

  • Fleksibel skiftordning: Sjøvakt, 2 veker på og 2 veker av gir en god balanse mellom arbeidstid og fritid.
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
  • Reisekostnader: Reisekostnader til og frå arbeidsperioden blir dekka.
  • Gode velferdsordningar: Muligheta for å leige hytter/leiligheter, treningstøtte og gode rabattordninga

 

Oppstart januar 2026. 

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar med ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav.
  • Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
  • Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden.
  • Opplæring av personell under si leiing.
  • Oppgåver knytt til alarminstruks.
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt.
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.

Kvalifikasjonar

  • Kompetansesertifikat M1
  • Sikkerhetskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta
  • Ferdigheitssertifikat, vidaregåande IGF
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
  • Fast ansettelse i eit solid og anerkjend rederi.
  • Sjøvakt 2 veker på og 2 veker av. Ein bur ombord i arbeidsperioden.
  • Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode.
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
  • Treningsrom om bord i fartøyet.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte og gode rabattordningar.
  • Variert og spanande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spennande arbeidsoppgåver.

Kontaktinformasjon

Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47 88 78 96, benedicte.ellingsen@fjord1.no

Arbeidssted

E39
5561 Føresvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fjord1 AS

Referansenr.: 5025131721
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted