Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Vil du vere med på å starte opp verdas første autonome ferjesamband?
Vi søker maskinsjefar til engasjement som prosjektressurs for realisering av anbodet Lavik Oppedal. Etter endt engasjement tilbyr vi fast stilling i Fjord1, fortrinnsvis knytta til drift av sambandet Lavik – Oppedal.
Fjord1 søkjer etter 2 maskinsjefar til eit spennande prosjekt der du i eit team vil ha ei sentral rolle som opplæringsressurs for nye fartøy. Du vil starte som prosjektressurs og vil tileigne deg kompetanse om dei nye fartøya ved Tersan Shipyard i Tyrkia. I tillegg vil du ha oppfølgingsansvar for fartøya ved ankomst Norge.
Kvar av ferjene skal ha kapasitet til 120 personbileiningar og 399 passasjerar, og vil bli utrusta med batteri og ladesystem for heilelektrisk drift på sambanda. Design og teikningar er det HAV design som står bak, Norwegian Electric System er systemintegrator.
Fartøya skal leverast frå verft mellom februar og juli 2026 og oppstart i nytt anbod er 1. september 2026.
Turnus er 4 veker i Tyrkia etterfulgt av 1 veke på kontoret i Florø, før 3 veker avspasering.
For periode i Norge legg ein opp til 2 veker på og 2 veker av. Andre ordningar vil bli vurdert.
Oppstart: oktober/november 2025.
Arbeidsoppgåver
- Deltaking under testing, oppstart og prøveturar
- Dagleg kommunikasjon med byggetilsyn og verft
- Planlegge og evt delta på seglas frå Tyrkia til Norge
- Koordinere og stå for opplæringsaktivitetar for nytt mannskap i Tyrkia og i Norge
- Opplæring og tidvis ei rolle i nytt kontrollsenter ved hovudkontoret i Florø
- Oppdatering av database i vedlikeholdssystem og fartøyhandbok
- Ettersjå og drifte nye fartøy i samarbeid med driftsorganisasjon og planlegge oppstart av fartøy
- Bidra til erfaringsoverføring til andre prosjekt
Kvalifikasjonar
- Maskinsjef
- Gode engelskkunnskapar
- Erfaring frå lengre verftsopphald vil vere ein fordel
- Allmenn datakunnskap
- Gode ferdigheiter i bruk av vedlikehold- og sikkerheitsstyringsystem
Personlege eigenskapar
- Systematisk
- Ha interesse og evener til å tileigne seg og vidareformidle ny kunnskap
- Ansvarleg
- Fleksibel
- Løysingsorientert
- Evne til å arbeide i team
- Ønskje om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar
Vi tilbyr
- Attraktive lønnsvilkår
- Rotasjonsordning, 5 på 3 av for delar av engasjementet. For periode i Norge etablerar ein andre ordningar som ivaretek jobb og fritid.
- Kompetansefremjande stilling innan nyskapande og framtidsretta teknologi
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Fri bustad i Florø ifm prosjektet
Kontaktinformasjon
Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47330488, sigrunn.hellebust@fjord1.no
Arbeidsstad
6905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 4999213867
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2025