Maskinsjef i sambandet Krakhella-Rysjedalsvika-Rutledal, p.t. MF Losna

  • Heltid
  • KRAKHELLA, NORGE
  • Det er ikke lenger mulig å sende inn søknad.

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef med attraktiv skiftordning i sambandet Krakhella-Rysjedalsvika-Rutledal, p.t. MF Losna.

Skiftordning: 1 veke på, og 2 veker av.

Oppstart etter avtale.

Reisekostnader til/frå jobb blir dekka.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar, og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
  • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
  • Skal saman med skipsførar bidra til at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM-koden
  • Sørge for opplæring av personell under si leiing
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemte og reservedelsoversikt
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • M3 Sertifikat. 
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsforeskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar
  • Gunstig skiftordning: 1 veker på 2 veker av

Kontaktinformasjon

Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, sigrunn.hellebust@fjord1.no

Arbeidsstad

6926 Krakhella

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5047466064
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.12.2025

Jobbsted