Florø Lufthamn, Avinor AS
Ved Florø lufthamn er det ledig 100 % fast stilling som lufthamnbetjent.
Arbeidsoppgåver
Kva gjer ein lufthamnbetjent?
Alt mogleg! Opererer store køyretøy, dei største hjullasterane, dei største sweeparane og sikkert nokon fleire køyretøy. Du vert lært opp til å drive avansert vinterdrift og sørgje for at rullebana er klar for fly og helikopter året rundt. Brann og redningsteneste: Du gjennomgår opplæring på vår brannskule og vert utdanna til å kunne handtere flysikkerheita på lufthamna samt mekanisk-, plass- og byggvedlikehald.
I tillegg utfører du service og støtte ovanfor alle andre aktørar som held til på lufthamna.
Korleis jobbar du?
Som lufthanmbetjent medvirkar du til at vi kan få ned rutefly, ambulansefly og helikopter i store delar av døgnet. Dette inneber at du som lufthamnbetjent jobbar i turnus. Du jobbar tidleg-, dag- og kveldsskift/heimevakt. Dette gjer at du må ønskje, og like, å jobbe i turnus. Likar du ikkje turnus, er dette ikkje noko for deg.
Kan du svare ja på disse spørsmåla?
- Er du i god fysisk form? Den som vert tilsett har eit sjølvstendig ansvar for å oppretthalde nødvendig fysisk form og god helse i tilsettingsforholdet, og bør vere van med trening og ha gode, innarbeidde rutinar for trening i eigen kvardag.
- Har du helse som tilfredsstiller dei medisinske krava til stillinga i samsvar med "Arbeidstilsynets veiledning om helseundersøkelse" og fysiske testar for røyk- og kjemikaliedykkarar?
- Kan du bestå den gjeldande fysiske testen for røyk- og kjemikaliedykkarar før tilsetting? https://www.arbeidstilsynet.no/risikofylt-arbeid/kjemikalier/royk-og-kjemikaliedykking/fysisk-kapasitetstest-for-royk–og-kjemikaliedykkere/
- Har du relevant utdanning – videregåande skule med fagopplæring relatert til denne typen teneste?
- Har du hatt førarkort klasse B i minst 2 år og er villig til å gjennomføre opplæring i førarkort klasse C(E)? Dersom dette manglar, må du forplikte deg til å gjennomføre dette innan rimeleg tid. Dette er ein kostnad du må ta for eiga rekning. Vi hjelper deg gjerne med kor dette kan gjerast.
- Har du maskinførarbevis og kompetansebevis for utrykkingskøyretøy? Dersom du ikkje har det, er du villig til å forplikte deg til å gjennomføre slik opplæring?
- Har du fagbrev som f.eks elektrikar gruppe L? Dersom ikkje, må du ha god kunnskap, interesse og erfaring med tekniske anlegg og/eller mekanisk utstyr.
- Har du gode norsk- og engelskkunnskaper?
- Har du gode kunnskaper i bruk av PC som arbeidsverktøy / god IKT forståing?
- Du må gjennomføre og bestå den opplæringa som er nødvendig for å utføre plass, brann og redningsteneste. Uttømmande politiattest (UPA) krevst før tilsetting.
Kven er du?
- Som person er du positiv innstilt har du evne og vilje til å samarbeide med eit breitt spekter av menneske.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig, vise initiativ og ta ansvar.
- Du likar å jobbe på lag og utvikle deg sjølv og kollegaer til felles beste.
- Du er glad i trening og er fysisk aktiv.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande jobb i eit selskap med høg kompetanse
- Relevante kurs og intern opplæring i jobben
- Gode moglegheiter for faglege utfordringar og utvikling
- Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår. Avinor tilbyr lønn etter fast tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar inkludert helseforsikring, full dekning av lønn ved lovfesta foreldrepermisjon, firmahytter
I plass, brann og redningstenesten arbeider det i dag ein overvekt av menn. Vi trur at større mangfald gir meirverdi og bidreg til eit betre arbeidsmiljø. Avinor ønskjer derfor mangfald i selskapet når det gjeld kjønn, alder og kulturell bakgrunn.
I Avinor verdset vi miljø og lagarbeid. Hjå oss møter du eit arbeidsmiljø bygd på tillit, openheit og respekt. Vi er opptekne av å skape eit trygt og godt arbeidsmiljø for alle, og at vi skal trivast saman, styrke og utvikle oss vidare som eit sterkt og viktig fagmiljø!
For nærare informasjon om stillinga og moglegheiter fremover kan du kontakte lufthamnsjef Siv Merete Stadheim på tlf.900 24 795.
Synest du stillinga verkar interessant? Søk då vel, vi ser frem til å høyre frå deg!
Kontaktinformasjon
Siv Merete Stadheim, Lufthamnsjef, +47 900 24 795
Arbeidssted
6906 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Avinor AS
Referansenr.: 5045080510
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2025