Lønn og regneskap, Helse Møre og Romsdal HF
Har du lyst å arbeide saman med oss?
Seksjon for løn og rekneskap søkjer no etter ein engasjert lønskonsulent i 100 % stilling, med arbeidstad Molde.
Løn- og rekneskapsseksjonen er ein del av økonomiavdelinga i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen er ei spanande eining som leverer tenester av høg kvalitet i ERP systemet SAP og lønssystemet SDWorx. Hovudkontoret for løn og rekneskap er lokalisert i Molde og har i dag 22 tilsette. Som lønskonsulent vil du vere ein viktig del av lønsteamet, som består av 10 tilsette.
Ved intern rokkering kan andre stillinger bli ledige.
Snarlig tiltredelse vektlegges ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for løn for eigne avdelingar i Helse Møre og Romsdal
- Oppfølging av sjukelønsrefusjonar frå NAV
- Kontroll av reiserekningar
Kvalifikasjonar
- Relevant økonomisk utdanning
- Erfaring innan lønsarbeid kan kompensere for manglande formell utdanning
- Gode IT-kunnskapar
- Kjennskap til SDWorks er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst og påliteleg
- Du er strukturert
- Du har gode samarbeidsevne
- Du har gode kommunikasjonsevne i norsk munnleg og skriftleg
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Lyse og moderne lokaler
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Kontaktinformasjon
Helge Kjetil Sandblåst, Løn- og regnskapssjef, +47 40639816, helge.kjetil.sandblast@helse-mr.no
Arbeidssted
Julsundvegen 47B
6412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4963680559
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.05.2025