Leiarstøtte

  • Heltid
  • ÅS, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 24. april 2025

Veterinærinstituttet

Om stillinga

Vi ser etter deg som vil vere ein som kan bidra til å gjennomføre og koordinere tverrgåande aktivitet og gi administrativ støtte til administrerande direktør og leiargruppa. Du vil rapportere til og arbeide tett med administrerande direktør. Stillinga inneber eit særskilt ansvar for å samhandle, koordinere og arbeide breitt med leiargruppa i instituttet.

Vi søkjer ein strukturert, serviceinnstilt og løysingsorientert medarbeidar som vil bidra til høgare gjennomføringsevne for interne tverrgåande prosessar og meir effektive leiarmøte. Den som vert tilsett, vil få sjølvstendige oppgåver, brei innsikt i verksemda og høve til å påverke eigen arbeidskvardag.

Du er velkomen  til å ta kontakt med adm. dir. Gun Peggy Strømstad Knudsen på tlf. 90 61 52 51.

Arbeidsoppgåver

I ei rolle som leiarstøtte vil din arbeidskvardag vere svært variert, og sentrale arbeidsoppgåver vil vere:

  • støtte administrerande direktør med løpande administrative oppgåver
  • sekretariatsoppgåver knytt til leiar- og styremøter
  • å legge til rette for eksterne samarbeidsmøter for administrerande direktør
  • bidra til å koordinere og leie prosessar knytt til tverrgåande aktivitetar
  • bidra til rapportering og styring, i samarbeid med verksemdsstyring
  • bidra med overordna nøkkeltallsanalyser av verksemda
  • koordinere og støtte implementering av strategi

For å lukkast i stillinga er det viktig at du kontinuerleg oppdaterer deg på fagfeltet ditt og at du søker kunnskap og kjennskap til Veterinærinstituttet sine kjerneområde, forretningsprosessar og overordna strategi.

Kvalifikasjonar

Vår nye leiarstøtte må ha:

  • høgare utdanning på masternivå innan administrasjon, økonomi eller anna relevant høgare utdanning. Manglande formell utdanning kan kompenserast med lang relevant erfaring.
  • erfaring frå offentleg forvaltning
  • erfaring med prosjekt- eller prosessleiing
  • god forståing innan personalforvaltning og økonomistyring
  • høg digital kompetanse, engasjement for å lære nye system
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk og på engelsk
  • god rolleforståing

 

I tillegg ønsker vi kvalifikasjonar som:

  • kompetanse innan analyseverktøy som Power BI
  • erfaring med styrearbeid
  • relevant erfaring frå stab eller administrative støttefunksjonar

     

Personlege eigenskapar

Vår leiarstøtte må:

  • vere sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik
  • vere strukturert og analytisk
  • ha god gjennomføringsevne, evne til å drive fram prosessar
  • vere serviceinnstilt, positiv og løysingsorientert
  • ha gode samarbeidsevner
  • ha gode ferdigheit i kommunikasjon

Du må kunne identifisere deg med verdiane til Veterinærinstituttet: framtidsretta, fagleg ambisiøs og samspelande.I tillegg til fagleg kompetanse og eigenskapar, vil motivasjonen din for stillinga og arbeidet bli vektlagd. Du vert oppmoda til å gje ei kort skildring av motivasjonen din for stillinga i søknaden.
 

Korleis søke

Om du finn ovanståande interessant, ser vi fram til å motta søknaden din. CV, vitnemål, attestar og andre relevante dokument skal lastast opp i vår elektroniske portal hos Jobbnorge.

Når du søker på stillinga, ber vi deg hente utdanningsresultata dine frå Vitnemålsportalen.no. Om resultata ikkje er tilgjengelege der, ber vi deg laste opp kopi av vitnemåla eller karakterutskriftene dine. All dokumentasjon må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk.

Veterinærinstituttet er ei statleg verksemd, og i tråd med offentleglova blir alle søkarar sette på ei offentleg søkarliste etter søknadsfristen. Søknad om unntak frå denne lista kan bli gitt i særskilde tilfelle. Dersom søknaden om unntak ikkje blir teken til følge, vil du bli kontakta. Då må du vurdere om du ønsker å oppretthalde søknaden eller trekke den.

Vi tilbyr

  • ein spanande og interessant stilling med varierte arbeidsoppgåver
  • moglegheit til å bidra innanfor eit viktig samfunnsoppdrag
  • moglegheit til å jobbe med engasjerte og kompetente leiarar og tilsette
  • godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer

Vidare blir du tilbydd gunstige avtalar for lån og pensjonssparing i Statens pensjonskasse, der det blir trekt 2 % av løna for dette innskotet. Stillinga blir løna etter Statens lønsregulativ, og du blir tilsett som 1364 seniorrådgiver eller 1220 spesialrådgiver. Stillingskode og lønsplassering avheng av kvalifikasjonane dine.
 

Veterinærinstituttet verdset mangfald

Våre medarbeidarar har ulik bakgrunn når det gjeld nasjonalitet, utdanning, arbeidserfaring og livserfaring – noko vi ser på som ei styrke. Vi trur at ulike perspektiv bidreg til betre løysingar og eit meir inkluderande arbeidsmiljø.

Vi følger statlege retningslinjer for inkluderande rekruttering. Kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller har innvandrarbakgrunn vil bli inviterte til intervju dersom vilkåra er oppfylte. Derfor oppmodar vi søkarar til å krysse av for eventuell tilhøyring til desse gruppene i jobbportalen.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted